– Onkelen min er diktator

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nevø til verdas verste diktator

– Eg veit ikkje kvifor han blei diktator, seier Kim Han-sol om kvifor onkelen Kim Jung-un tok over styringa av landet då Kim Jong-Il døydde desember i fjor.

Far til Kim Han-sol, som er eldste sonen til Kim Jon-Il, fall i unåde i Nord-Korea etter at familien sneik seg inn i Japan på falskt pass i 2001 – etter eiga forklaring for å dra til Disneyland.

– Far min var eigentleg ikkje interessert i politikk, seier 17-åringen i eit intervju til den finske rikskingkastinga YLE.

LES OGSÅ: Kim Jong-Il ser på pølser

Kim Han-sol går no på United World College i Mostar i Bosnia-Hercegovinia. Ho som intervjuar han, politikaren og FN-utsendingen Elisabeth Rehn, har sjølv vore med på å grunnleggja denne skulen.

LES OGSÅ: Verdas beste reisebyrå

Verdas mest lukka land
Oldefaren til 17-åringen, Kim Il-Sung, styrte Nord-Korea med jernhand frå 1948 til han døydde i 1994. Då tok Kim Jong-Il over.

Persondyrking som Kim Il-Sung hadde opplevd, heldt fram. Ifølgje forfattarane Chol-hwan Kang og Pierre Rigoulot er det mange nord-koreanarar som trudde Kim Jong-Il kunne kontrollera vêret. Då han døydde 17. desember i fjor, viste statskanalen bilete av fuglar som samla seg ved dei mange statuane av Kim Jong-Il for å sørgja, fortvila nord-koreanarar kasta seg gråtande til bakken og det blei òg meldt at dødsfallet utløyste ein snøstorm, eit mystisk lys på ein fjelltopp og at isen på ein innsjø sprakk.

LES OGSÅ: Teiknar kvardagen i det ekstreme

For å halda på kontrollen i landet, sit mellom 150-200.000 menneske i konsentrasjonsleirar. Familiar blir sett til tvangsarbeid i tre sleksledd for dei minste kristiske ytringar.

I fjor melde FN at seks millionar menneske var trua av svolt i landet med kring 24,5 millionar innbyggjarar.


Relaterte saker