Yrket mitt: Vidar (44) er taksidermist

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Allereie som 16-åring tok eg til med taksidermi og hadde det som hobby.

Vidar Aa. Djupvik er taksidermist og starta si eiga bedrift Vestnorsk Trofé-Montasje etter han var ferdig med utdanninga i 2003.

Nedlagt skule og truga fag

Skulen for taksidermi vart nedlagd for 16 år sidan. I dag er det ei fireårig utdanning på vidaregåande nivå der ein er lærling i bedrift og tek teoriprøven som privatist.

– Det heile blir avslutta med ein 5-dagars sveineprøve. Då skal ein vere godt førebudd som taksidermist og gjerne starte for seg sjølv med eiga bedrift. Me er om lag 10 i landet som driv med dette på heiltid og per i dag er det ingen lærlingar, så det er eit fag som held på å døy ut, forklarar Djupvik i ein e-post til Framtida.no.

44-åringen har alltid elska naturen og vore nysgjerrig på han, i tillegg til å skapa og vera kreativ.

– Taksidermist var berre heilt naturleg.

Aktiv på sosiale medium

Med lang arbeidserfaring var ikkje overgangen til yrkeslivet noko sjokk. Arbeidsdagen startar klokka 08:10, når ungane er reist på skulen.

– Arbeidet er svært variert, men det inneber gjerne å flå noko, førebu noko til montering eller å montera eit dyr.

Taksidermisten planlegg dagane, så er det slag i slag med innkjøp, laga former og laga habitat. Vidare er det mykje tid med kundar, som inneber både henting, levering, telefon og e-postkorrespondanse.

– Og så er eg aktiv på sosiale medium, noko som tek tid, men er veldig kjekt!

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Vestnorsk Trofé-Montasje (@utstopparen)

Sjølvstendig arbeid

Etter middag og familietid vert det gjerne eit par arbeidstimar på kvelden med garving av skinn og førebuing til dagen som kjem.

– Utdanninga førebudde meg på det reint faglege, men det å vera sjølvstendig, noko dei fleste er i dette faget, er så mykje meir. Det har vore ei utfordrande, men fantastisk reise.

Draumen er alltid å få nye, spennande prosjekt til dømes til museum eller liknande.

Denne reven skal pryda ein vegg. Foto: Instagram

Myter om dyreplageri

Taksidermisten synest det beste med jobben er fridommen og variasjonen, der ein både får vere inne og ute, reise og arbeide med store og små prosjekt.

– Kva er det mest utfordrande?

– Å velje kor mykje jobb ein skal legge ned i kvart dyr. Dei må vere av god kvalitet, samtidig må det vere økonomi i det.

Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

–  At eg hatar dyr sidan eg stoppar dei ut og at det er dyreplageri.

På Instagram deler @utstopparen både typiske og mindre typiske prosjekt. Foto: Instagram

Tålmodig og praktisk

Taksidermiyrket passar for dei som er langt over middels interesert i faget og verkeleg brenn for det.

– Sjølvsagt må ein ikkje ha ti tommeltottar og vere utolmodig! understrekar Djupvik.

Han rår dei som lurer på ein karriere som taksidermist til å ta ein ringerunde til taksidermistar rundt om og spørja og grava for å få eit bilete av om faget er noko for dei.

Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Å sjå kundar bli verkeleg glad når dei ser resultatet.


For stygge til å få bli med i utstilling. Kollasj av “De etterlatte” som Universitetsmuseet har kalla dyra som ikkje får bli med når museet opnar igjen 14.oktober. Foto: UiB

Vidar Aa. Djupvik

  • Alder: 44 år
  • Frå: Fusa, men flytta til Jølster for 11 år sidan
  • Yrke: Taksidermist