Forfattarane Jan Grue, Bjørn Hatterud og Olaug Nilssen får Fritt Ord-prisen
Stiftelsen Fritt Ords Pris for 2021 går til tre forfattarar som har belyst samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei tre forfattarane Jan Grue, Bjørn Hatterud og Olaug Nilssen har kvar for seg ytt sterke og kritiske bidrag for å belyse situasjonen for funksjonshemma i Noreg.
– Mangfaldsdebatten i norsk offentlegheit rommar sjeldan personar med nedsett funksjonsevne. Grue, Hatterud og Nilssen kjem kvar på sin måte med skarpe, kunnskapsrike og debattskapande bidrag gjennom bøker og avisartiklar som når svært mange, seier styreleiar Grete Brochmann i Stiftelsen Fritt Ord.
– Dei tre forfattarane gir språk til menneske som ofte ikkje finn sitt eige og som ikkje blir sett, seier Brochmann i ei pressemelding.
Jan Grue (40) er professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, medan Bjørn Hatterud (43) er kulturskribent, kurator, musikar og forfattar. Olaug Nilssen (43) er dramatikar og forfattar.
Prisvinnarane deler prisbeløpet på 500.000 kroner og får kvar sin statuett laga av Nils Aas. Tidspunktet for prisutdelinga er ikkje fastsett på grunn av koronasituasjonen.