Russetreffet på Lillehammer avlyst for andre året på rad

Russetreffet i Lillehammer blir avlyst, opplyser arrangøren til Dagbladet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er trist at vi heller ikkje denne gongen kan arrangere Landstreff Lillehammer, men vi håpar og drøymer om at vi på magisk vis skal komme tilbake til normalen igjen så raskt som mogleg, skriv arrangøren.

Det er dermed andre året på rad at landstreffet blir avlyst på grunn av koronapandemien.

Arrangøren opplyser om at dei som har billett til russetreffet, vil få full refusjon og at ei utbetaling kan forventast på konto innan midten av april.

– Dersom vi ser moglegheita for å arrangere treffet på eit seinare tidspunkt, vil vi komme tilbake til dette og ein har då sjølvsagt moglegheita til å kjøpe ny billett, opplyser arrangøren.