«Hurra for språklova!»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Eg melde meg inn i Norsk Målungdom i 2012. Allereie da hadde vi venta ei god stund på at språklova som blei varsla i stortingsmeldinga Mål og meining frå 2007-8. Lite visste vi at vi måtte venta i nesten 10 år til før lova skulle komme, men no er ho endeleg her!
Dette er den første heilskaplege språklova vi har, og det er første gong det blir slått fast at norsk, både bokmål og nynorsk, er hovudspråk i Noreg, at dei samiske språka er urfolksspråk, og at alle desse skal styrkast og utviklast. I tillegg slår lova fast at både kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk skal vernast og fremjast. Det er veldig bra og på høg tid!
For oss i målrørsla, er det også spesielt gledeleg at eit av føremåla med lova er å styrke nynorsk.
Språklova har ein viktig symbolverdi, og bidrar til å løfte statusen til det norske språkmangfaldet. Det høyrest kanskje litt tørt ut å henge seg opp i paragrafar om kva språk tilsette i staten skal bruke, om du får eit brev på nynorsk eller bokmål eller kor mange prosent nynorsk statsorgan skal bruke. Likevel er dette viktig, fordi lovgjeving sørger for at vi som nynorskbrukarar får møte språket vårt oftare.
Det gjer det lettare å vere nynorskbrukar.
Summen av det er meir nynorsk i samfunnet rundt oss!
For oss som nynorskbrukarar, betyr denne nye lova at fylkeskommunen din skal svare deg på språket ditt, også om du bur i eit bokmålsområde. Regionale statsorgan får krav om å bruke nynorsk, mandatet til Språkrådet blir lovfesta, og framtidige utgreiingar og lover skal ta omsyn til korleis dei påverkar nynorskbrukarane. Summen av det er meir nynorsk i samfunnet rundt oss!
Samstundes som vi feirar den nye lova, trekker vi eit lite sukk fordi vi kunne hatt enda meir å feire.
Vi hadde håpa at lova skulle gå enda lengre i å sikre rettane våre, og gi nynorsken eit enda større løft. I tillegg veit vi at språkrettane våre ikkje blir oppfylt i dag. Trass dette, blir det ingen konsekvensar for å bryte språklova heller. Alt dette har vi skrive mykje om før, så i dag får vi halde oss til feiringa:
Hurra for språklova – no må ho bli følgd!
- Les også saka om at TV 2 opnar for nynorsk på nett: – Betre seint enn aldri, seier TV 2-reporter Karen Anna Kleppe