Kulturår med Ullmann, Nesbø og Munch
Liv Ullmann kjem også i år til å setje sitt preg på teateråret, Jo Nesbø gir ut bok nummer ti om Harry Hole, og Edvard Munch skal feirast landet rundt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette er nokre av høgdepunkta i kulturåret 2013. I tillegg kan kinoane over heile landet neste år by på mange nye norske barnefilmar.
– 2013 blir det store barnefilmåret med sju heilnorske barnefilmar, seier informasjonsdirektør Mette Tharaldsen i Norsk filminstitutt. Det blir filmar om jul i Flåklypa, Pelle Politibil, Mormor og dei åtte ungane og Karsten og Petra.
– For dei litt meir vaksne finn vi òg filmar med eit stort publikumspotensial. Det er mellom anna store forventningar til «Victoria», som byggjer på Knut Hamsuns roman og er regissert av Torun Lian, og «Pioner», regissert av Erik Skjoldberg, seier Tharaldsen. «Pioner» handlar om pionertida i Nordsjøen og har mellom andre Aksel Hennie på rollelista.
LES OGSÅ: Bli redd eller døy?
Scene
Liv Ullmann prega norsk teater i 2010, da ho gjorde braksuksess landet rundt med Riksteatret og «Lang dags ferd mot natt». No har ho sett seg i registolen på sitt gamle teater, Nationaltheatret. Ullmann set opp Tsjekovs «Onkel Vanja», som får premiere 16. februar.
– Etter å ha sett tolkinga hennar av «Sporvogn til begjær» i USA for eit par år sidan, har eg store forventningar til denne framsyninga. Anton Tsjekov fordrar livsvisdom, musikalitet og humor. Liv Ullmann har alt som skal til. Eg er sikker på at dette blir ei vakker og rørande framsyning, seier sjefen på Riksteateret, Ellen Horn, til NTB.
Horn har godt oversyn over det som skjer i den norske teaterverda. Ho er også styreleiar i Den Norske Opera & Ballett. Når vi ber henne trekkje fram eit par andre høgdepunkt på dei norske scenene i 2013, vel ho Nasjonalballettens «Different Shores» av den tsjekkiske koreografen Jiri Kylián og den seks timar lange maratonforestilling «Bibelen» på Det Norske Teatret.
– «Bibelen» i Stein Winges regi blir eit «must» for meg. Ein av favorittskodespelarane mine, Bjørn Sundquist, har hovudrolla som sjølvaste Gud fader. Fallhøgda er stor, men eg blir trigga av høgrisikoprosjekt og ser fram til denne storhendinga i Det Norske Teatret, seier Horn.
Nynorskteatret feirar neste år 100 år, og set mellom anna opp ein ønskjereprise – storsuksessen «Bikubesong». Den skal òg ut på vegen med Riksteatret.
LES OGSÅ: Himmel og helvete på Det norske
Litteratur
Alle Jo Nesbø-fans kan glede seg over ei ny bok om antihelten Harry Hole. Det var nok mange lesarar som trudde den niande boka om Hole – «Gjenferd», som kom ut i 2011 – var den siste. Avslutninga i boka kunne tyde på at Hole døydde. Men i haust kunne Nesbø glede lesarane sine med meldinga om at det kjem ei ny bok om Harry. Boka heiter «Politi» og blir lansert 6. juni, opplyser Aschehoug forlag.
Jo Nesbø har hatt ein utruleg suksess. Bøkene hans er selde i meir enn 15 millionar eksemplar og er omsette til 46 språk.
LES OGSÅ: Færre e-bøker enn forventa
Mellom andre norske krimforfattarar som kjem med nye bøker til våren, er Thomas Enger, Jorun Thørring og Jørgen Brekke. Erlend Loe og Tor Åge Bringsværd kjem også med nye romanar. Både Erik Solheim og Liv Signe Navarsete skal etter planen levere politiske memoarar på vårparten, skriv Aftenposten. Neste år blir det òg gjort framlegg om ei boklov, som bokbransjen har venta lenge på. Kulturminister Hadia Tajik (Ap) har lova at regjeringa skal leggje fram eit forslag til boklov før sommaren.
LES OGSÅ: Boklansering – ei oppskrift
Biletkunst
Edvard Munch kjem også til å sette farge på kulturåret 2013. Munch-museet og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design samarbeider om ei storslått feiring. Høgdepunktet i feiringa blir jubileumsutstillinga «Munch 150», som blir vist på Nasjonalgalleriet og Munch-museet frå 2. juni til 13. oktober. Det blir den mest omfattande Munch-utstillinga nokon gong, med 250 verk. Det blir også ulike arrangement i fleire kommunar som hadde ei spesiell tilknyting til Munch.
– Vi håper jubileet kjem til å gjere Edvard Munchs kunst enda meir tilgjengeleg og styrkje medvitet om kvar han står, og kva han betyr i den internasjonale kulturarven, seier direktør Audun Eckhoff i Nasjonalmuseet.
LES OGSÅ: Norden satsar på kultur