Då eg var 20: Tom Egeland droppa studium for journalistjobb i Vi menn
Allereie som 20-åring drøymde Tom Egeland om å verte forfattar, men journalist var det næraste han kom å kunne leve av skrivinga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dilemmaet – studere eller jobbe som journalist – var eit viktig val i livet mitt. Samstundes skjønte eg at dette var eit tilbod eg ikkje kunne takka nei til.
Då han runda 20 år sommaren 1979 var Tom Egeland heime igjen i Oslo etter eit spanande år som utvekslingselev i USA.
Eit enkelt val
Han hadde kort tid før hatt ei lita statistrolle i Star Wars: Episode V – The Empire Strikes Back, der deler av innspelinga føregjekk på Finse i Noreg.
Men det var ikkje skodespelarambisjonar som stod i hovudet på unge Egeland. Etter examen artium var planen å byrje å studere, men så dukka eit overraskande tilbod opp.
– Eg hadde frilansa ein del som journalist dei siste åra, og overraskande fekk eg tilbod frå vekebladet Vi Menn om å byrje som journalist der. Eg brukte eit døgn eller to på å bestemme meg – studere eller bli journalist – men valet var eigentlig enkelt: Eg blei journalist, skriv Egeland.
Queen og Åse
På den tida var det stort sett kassettar med Queen, ELO, Pink Floyd, Eagles og Foreigner som vart spelt i bilen. Og den viktigaste personen i livet hans var Åse, som seinare vart kona hans.
– Kombinasjonen av å få seg fast jobb og så bli saman med ei jente, gjorde at eg følte meg veldig vaksen, minnest 61-åringen
– Hugsar du 20-årsdagen din?
– Faktisk ikkje. Eg hugsar 30-, 40-, 50- og 60-årsdagen. Men 20-årsdagen er heilt blank. Sidan eg har bursdag i juli, var eg nok på familiehytta på Fuglevik ved Oslofjorden.
Forfattardraumen
Allereie då hadde Egeland ein draum å bli forfattar, men journalistikk var det næraste han kunne kome det å leve av å skrive.
– Eit par år seinare byrja eg faktisk å skrive mi første bok, avslører forfattaren, som i 1988 romandebuterte med grøssaren Stien mot fortiden.
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– Framtida var ei evigheit. Som 61-åring kan eg fastslå: Det er ho ikkje. Kor blei det av alle åra?
– Gje meir faen!
Om Tom (61) hadde møtt Tom (20) hadde han nok tenkt at han var umoden og naiv, men Egeland har eitt godt råd på lager:
– Gje meir faen! Det er ikkje så farleg kva folk meiner om deg. Å gjere sitt beste held i lange banar.