Fornybar satsing kostar straumkundane

Iveren til politikarane etter å byggja ut fornybar energi kostar norske straumkundar nesten éin milliard kroner ekstra neste år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor blir straumen dyrare

Regjeringa, med olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) i spissen, har bestemt at det skal byggjast ut til produksjon av enorme mengder ny fornybar kraft dei neste åra, skriv Adresseavisen.

Gudbrandsdal Energi sende nyleg eit brev til kundane sine der dei varslar at straumrekninga blir litt større neste år. Årsaka er at kraftselskapet må kjøpa fleire såkalla elsertifikat, som skal finansiera ny utbygging av vind-, vass- og bioenergi i Noreg og Sverige. Også andre kraftselskap planlegg ein tilsvarande prisauke.

LES OGSÅ: Satsar på kraft av fjord og fjære

– Vi har i år hatt eit påslag for elsertifikat på 0,5-0,6 øre per kilowattime pluss moms. Med prisane i dag på elsertifikatmarknaden, ligg det an til at påslaget for 2013 blir 1,0-1,1 øre, seier marknadssjef Bård Andreassen i Svorka Energi.

Tungindustri, grønsaksprodusentar og nokre få andre grupper, slepp å betala for sertifikata. For alle andre betyr ordninga ein ekstrarekning på tett oppunder éin milliard kroner i 2013 når momsen er teken med.

Kraftselskapa ser for seg at denne summen vil auka kraftig i åra framover. (©NPK)