Satsar på kraft av flo og fjære

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Selskapet Aqua Energy Solutions har jobba med prosjektet sidan 2008, då ingeniøren Jan Christian Torvestad fekk ideen til ein installasjon som kan utvinne kraft frå tidvatnstraumar og elvar, skriv Regionalnytt.

Installasjonen er eit hydro-dynamiske segl festa på bevegelege leidningar. Ved å nytte denne teknologien, er det mogleg å tappe store mengder kinetisk energi frå tidvatnstraumar. Desse segla driv ein generator som så produserer elektrisitet. Utforminga gir moglegheit til å produsere store mengder energi til låg pris. Kraftverka kan installerast i sund eller i ope hav.

Aqua Energy Solutions har mål om å ha produktet klart for marknaden i 2016. Visjonen er å gjere tidvatnkraft til ein viktig del av energiforsyninga i framtida. Det kan få store ringverknader for Vestlandet ved produksjon og vedlikehald av installasjonar.

– Haugesund er ein bra stad å jobbe med denne typen produktutvikling. Haugaland-regionen har mykje spisskompetanse på undervassteknologi, gjennom den store olje- og gassaktiviteten langs kysten. Dette er kunnskap som vi vil dra nytte av, seier Cathrine Torvestad. Ho er søstera til oppfinnaren Jan Christian Torvestad, er utdanna økonom og dagleg leiar for Aqua Energy Solutions. (©NPK)