«Kjønnslemlesting svekker jenter og kvinner si helse og stilling i demokratiet»

Kamilla Elisabeth Engebretsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag, 6. februar, er FNs internasjonale dag mot kvinneleg kjønnslemlesting.

Koronapandemien har sett global likestilling i revers. Det farlege, globale kjønnsgapet som kjønnslemlesting held oppe og som tvingar jenter ut av demokratiet er forsterka.

No er det viktigare enn nokosinne at kvinne- og jentehelse vert sett på dagsordenen.

Set jenter sine liv og helse på spel

Kjønnslemlesting er praksisar som inneber å skade eller endre jenter eller kvinner sitt kjønnsorgan utan medisinsk grunn. Dette resulterer i store smerter, alvorlege fysiske skader på blant anna urinrøyr, infeksjonar, psykiske problem og i nokre tilfelle død.

I dag har meir enn 200 millionar jenter og kvinner blitt utsette for den grufulle praksisen.

Dette er eit grovt brot på jenter sine rettar og set jenter sin tryggleik, liv og helse på spel.

Mor til Marie (15) frå Sierra Leone ville at ho skulle omskjerast, men dottera sa nei til kjønnslemlesting etter å ha blitt med i Plan International si ungdomsgruppe. No kjempar ha for at ingen andre jenter skal oppleve det. Foto: Plan International / Quinn Neely

Å bli utsett for kjønnslemlesting svekker jenter og kvinner si helse og dimed deira stilling i demokratiet. Når deira seksuelle og reproduktive helse og rettar vert svekt, vert jenter frårøva makta over eige liv og eiga framtid.

Stemmene deira vert stilna i viktige demokratiske prosessar når jenter vert skyvde ut av samfunnet, skulen og andre viktige arenaar.

Berekraftsmål mot kjønnslemlesting

Under pandemien har det blitt spesielt vanskeleg å nå helsetilbod som skal førebyggje, støtte og beskytte frå kjønnslemlesting.

Jenter skil seg frå kvinner som ei særeiga og ekstra sårbar gruppe med eigne behov i humanitære kriser.

Risikoen for å bli utsett for kjønnslemlesting har auka

Risikoen for å bli utsett for kjønnslemlesting har auka fordi jenter fell ut av skulen, samtidig som moglegheita til å drive haldningsarbeid for å motarbeide tabu har blitt avgrensa.

Som ein konsekvens av koronakrisa er det forventa at to millioner fleire jenter, i tillegg til dei allereie spådde 68 millionar jentene, vil bli utsette for kjønnslemlesting innan 2030.

Derfor trengst det både alder- og kjønnsspesifikke tiltak for å sikre seksuell og reproduktiv helse og motarbeide skadelege skikkar. Skal verda nå FN sitt berekraftsmål 5.3 om skadelege skikkar, må tiltak mot skadelege skikkar vere ein integrert del av internasjonal kriserespons.

Helsenøkkelen

Helse er nøkkelen til jenter og kvinner si deltaking i samfunnet.

Verda treng omfattande tiltak mot skadelege skikkar for å motarbeide pandemien sine farlege tilbakeskritt.

Vi må jobbe for å sikre tilgang til helsetenester, informasjon, og moglegheita til å påverke, spesielt gjennom digitale plattformer, for å sikre at jenter si stilling vert styrkt.

Dei millionane av kvinner og jenter verda over som har blitt og kjem til å bli utsette for kjønnslemlesting fortener verdigheit, vern og moglegheita til å bli høyrd.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!