Korleis gje Kyoto-avtalen ei meiningsfull framtid
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit av de store slaga på klimaforhandlingane står rundt Kyoto-avtalens framtid. Det einaste juridisk bindande instrumentet som finnast for å sikre at store, industrialiserte utsleppsland reduserar eigne klimagassutslepp, står og fell på Doha-toppmøtet. Ved utgangen av 2012 avsluttast den første forpliktingsperioden av Kyoto-avtalen, og det forhandlast no om ein ny forpliktingsperiode.
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Brasils klimaminister Luiz Alberto Figueiredo er utpeika til å leie meklingane rundt etableringa av den andre forpliktingsperioden av Kyoto-avtalen under minister-delen av forhandlingane.
På dette tidspunktet er det ikkje forventa at landa som forhandlar er villige til å forplikte seg til høgare utsleppskutt i perioden 2013 til 2020 enn det som allereie er rapportert inn. Av den grunn er to tema knytt til Kyoto-avtalens andre forpliktingsperiode sentrale i Doha:
• At det vert formulert tekst på at utsleppsmåla for andre forpliktingsperiode, altså tidsrommet 2013 til 2020, ‘skal’ oppjusterast ved gjennomgangs-tidspunktet i 2015. Dette for å sikre at utsleppsmåla ikkje forblir låge. Noreg uttalar at det skal vere ‘muligheiter’ for å oppjustere utsleppsmåla i 2015. Dette er lite ambisiøst.
• At ‘overskotskvotar’ skal eliminerast etter utløpet av første forpliktingsperiode, med andre ord å tette smutthol. Indeksåret for Kyoto-avtalen er 1990, det er altså dette året ein reknar reduksjonsnivå i forhold til. Grunna at industrien kollapsa i gamle Sovjet-statar tidleg på 1990-talet, altså etter indeksåret, har aust-europeiske land fått fleire kvotar enn deira utsleppsnivå. I dag er dette kvotar som kan seljast til andre europeiske land. Om ein tek desse ‘overskotskvotane’ med inn i ein ny forpliktingsperiode, kan det bety at ein sjølv med høge ambisjonar om utsleppskutt kan risikere at utsleppa ikkje går ned. Noreg har til no vore vage i forhandlingane, og har uttalt at dette er kvotar vi ikkje ønskjer å kjøpe i EUs kvotemarknad, men vi har ikkje fått indikasjonar på at Noreg er villige til å uttale seg aktivt for sletting av desse kvotane i forhandlingane. Dette er noko Noreg må jobbe for.
Solhjell skal særleg ha ansvar for delen av forhandlingane som går på utsleppskvotar for land med forpliktingar, noko som mellom anna relaterar til det siste kulepunktet over. I tillegg skal Solhjell mekle på korleis ein kan sikre inntekter til det FNs tilpassingsfond, ikkje til å forvekslast med Det grøne klimafondet som vart etablert i Durban. Eit døme på å auke inntektene til dette fondet er å auke skatten på kjøp av klimakredittar får land som ikkje har forpliktingar under Kyoto-avtalen, altså dei fleste utviklingsland. I dag er denne skatten på to prosent.
Først publisert på Klart vi kan-bloggen til Changemaker.
LES OGSÅ: Potensielt havari i Doha