«Kor blir det av overskriftene om barn som ringjer alarmtelefonen fordi mamma og pappa er drita fulle?»

Silje Axelsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på Instagram og er omsett og republisert med løyve frå forfattaren.

Noreg er i krise, men lat oss for guds skuld halde Vinmonopolet ope. Eg blir kvalm. Kvalm av å lesa saker på VG om Vinmonopolet, som om det er det viktigaste i livet akkurat no.

Alkohol er det største rusproblemet i Noreg. Ifølgje undersøkingar drikk omlag 10 prosent av vaksne i Noreg på ein måte som medfører stor risiko for helseskade og avhengnad. Kanskje nordmenn kunne hatt godt av litt mindre montrose og amarone? Eller?

Kor blir det av overskriftene om barn som ringjer alarmtelefonen 116111 fordi mamma og pappa er drita fulle?

Kor blir det av overskriftene om at det er færre politimeldingar og bekymringsmeldingar, fordi skulen er stengd og det er ingen som ser dei?

Om barn som opplever mobbing på Teams når læraren er logga av?

Om barn som opplever endå meir vald og omsorgssvikt i heimen, fordi både fotballen og fritidsklubben er stengd?

Seier det igjen: Eg blir kvalm.