Datatilsynet varslar gebyr på 100 millionar kroner til datingapp

Datatilsynet varslar gebyr på 100 millionar kroner til datingappen Grindr for brot på samtykkekrava i personvernforordninga GDPR.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den førebelse konklusjonen vår er at Grindr har utlevert personopplysningar om brukarane til ei rekkje tredjepartar utan rettsleg grunnlag, seier direktøren i tilsynet Bjørn Erik Thon i ei pressemelding.

Datatilsynet meiner at Grindr treng samtykke for å dele desse personopplysningane og at dei samtykka appen samla inn, ikkje var gyldige.

Appen er lokasjonsbasert og blir hovudsakleg brukt av homofile og bifile menn, transpersonar og skeive, ifølgje Datatilsynet.

– Vi meiner at det å vere Grindr-brukar er ein særleg kategori sensitive personopplysningar som bør vernast fordi det seier noko om den seksuelle legninga til vedkommande, skriv tilsynet i pressemeldinga.


Les også: Kor mykje veit Google og Facebook om deg? Slik sjekkar du det enkelt

Dei store teknologiselskapa haustar data om oss i store mengder. Men det er blitt enklare å sjå dei i korta. Foto: Eirik Tangeraas Lygre