Har selt 2.500.000 eksemplar

Nynorsk ordliste har selt i 2,5 millionar eksemplar. No er ho ute i revidert utgåve.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første utgåva kom i 1959, og sidan den gongen har den kjende nynorskordlista selt meir enn 2,5 millionar eksemplar. No er den 11. utgåva av ordboka klar, oppdatert med den nye rettskrivinga for nynorsk. Helleviks Nynorsk ordliste er den første trykte ordlista som er godkjend av Språkrådet etter at den nye nynorskrettskrivinga kom i august i år.

Boka er redigert av Margunn Rauset og Aud Søyland. (©NPK)

LES OGSÅ: Dette er den nye nynorsken