– Draumen hadde vore å sleppe å kome ut, seier Tuulia Keränen (27). Me har snakka med tre skeive om deira «komme ut»-historiar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er kanskje vanskeleg å sjå føre seg, men homofilt samliv mellom menn var faktisk ulovleg i Noreg fram til 1972. Ikkje ein gong 50 år er gått.
Framleis er dette forbode i ei rekke land. I Iran kan ein bli drepen for homofil åtferd.
Då er det sjølvsagt betre i Noreg, men enno er det eit avvik frå norma også her. Enno er ein heterofil «til det motsette er bevist». Til ein har kome ut.
Tuulia Keränen (27): «Men du ser ikkje lesbisk ut»
– Personleg synest eg det hadde vore så mykje betre om ein ikkje hadde trengt det. Draumen er jo at ein skal kunne sleppe å kome ut i framtida, seier Tuulia Keränen (27) frå Finland.
Likevel meiner ho det er naturleg når foreldre- og besteforeldregenerasjonen framleis ikkje veit så mykje om det å vere homofil.
– Så det å komme ut er liksom ein standard som berre er der. Likevel er det eit konsept som fører meg seg mykje stress for folk.
– Homofile skulle vore drept
Keränen vaks opp med ei norsk mor og ein finsk stefar i Finland. Då ho var rundt 12-13 år skjønte ho at ho likte jenter, og trudde først ho var bifil.
– Det var først då eg var rundt 18 år eg skjønte at eg berre var lesbisk, fortel ho på telefon til Framtida.no.
Då ho var 16 hadde ho ein gutekjærast, men fann etterkvart ut at det ikkje var heilt henne.
– Normalen er jo å vere hetero, så då prøver ein å passe inn med det. Ein prøver å tilpasse seg, for det hadde vore så mykje lettare å høyre til majoriteten.
Ho fortel at det har vore noko krevjande å både innsjå og godta si eiga legning. Særleg vanskeleg var det fordi ho visste at ikkje alle aksepterte det.
– Når ein har vakse opp med å høyre at homofile skulle vore drepne og andre ganske grove ting, tenker ein jo ikkje at dette er noko ein skal fortelje.
Det er stefaren sine ord ho minnast. Det var han ho kom ut til sist.
– Til og med mor mi sa: «Nei, han treng ikkje vite det».
– Det er veldig mykje redsle knytt til det å kome ut
Frå 12-årsalderen forsøkte ho å testa terrenget. Spurde mor si: «Kva hadde du sagt om eg var lesbisk?», og slang på eit forsikrande: «Eg er ikkje det, altså».
– Og ho svara at: «Så lenge du er lukkeleg, så kan du vere kva du vil», og Keränen vart litt meir trygga i at dette kanskje gjekk fint.
– Men nokon av veninnene mine svara: «Så lenge du ikkje er interessert i meg går det bra».
Det gjorde at ho blei var på dei negative kommentarane og usikker på kva ho kunne seie og korleis ho kunne vere, utan å bli sett på som ein trussel som var interessert i alle jentene.
– Kva tenkte du då du skjønte at du var skeiv?
– Eg tenkte mykje. Det å vere skeiv er blitt gjort til ein så stor ting, at det er umogleg å ikkje ha tankar rundt det. Om ein er heterofil har eg inntrykk av at ein ikkje tenker så veldig mykje over legninga si.
Det vart med dei små hinta i 12-årsalderen. Ho håpa at folk kanskje forstod utan at ho måtte seie det rett ut. Men ho skjøna raskt at det ikkje kom til å skje.
– Tanken på å kome ut var ei ganske stor greie. Om ein byrjar tenke på det, tenker ein også på konsekvensane: Får eg bu heime lenger, eller blir eg kasta ut? Det er veldig mykje redsle knytt til det å kome ut.
– Min moglegheit til å vere fri
Og tankane vart liggjande i bakhovudet i mange, mange år. Så kom gutekjærast og ungdomstid. Ikkje før ho var 19 år kom ho ut for alvor.
– Det er ikkje lett når ein veit at nokon i familien er 100 % imot homofile, så det var ganske vanskeleg.
Då ho var ferdig på vidaregåande bestemde ho seg for å reise til England og jobbe som au pair.
– Tanken var at dette er mi moglegheit til å vere fri. Der treng eg ikkje tenke på om dei rundt meg veit noko som helst.
Ho byrja søke opp folk og sjå etter potensielle vener ho kunne ha der. I mylderet dukka det også opp ei jente som raskt fekk ekstra merksemd. Før ho reiste til England var dei blitt eit par over nettet.
– Så eg skifta statusen på Facebook til «In a relationship with…» og tagga denne personen.
Ho orka ikkje gå til ein og ein for å fortelje det, og har aldri likt konfrontasjonar.
– Her kunne alle sjå det: vener, kjende, onklar og tanter. Eg berre kasta det ut der, reiste ut av landet og lot det sokke.
Tilbakemeldingane var noko uventa: ho vart ikkje teken på alvor.
– I staden spurde folk om eg var sikker. Til og med mamma, som då eg var liten hadde vore ganske open, fortalde meg at dette berre var ein fase.
– Det trur eg omlag heile familien tenkte. At eg berre var ute etter litt ekstra spenning, og at det var ein fase.
– Vurderte du å ikkje kome ut?
– Eg veit ikkje om det er mogleg. Då må ein jo leve eit dobbelt liv. Det blir jo vanskelegare om ein får kjæraste og vil planlegge livet sitt vidare, då er det jo heilt umogleg å ikkje komme ut til nokon.
– Ein må ta familien med humor
I dag har storfamilien stort sett akseptert det, men framleis er det rart å snakka om kjærleikslivet, synest Keränen.
– Dei veit ikkje heilt korleis dei skal halde seg til det. Bestemor spurde til dømes: «Kvifor må ein vere kjærastar, kan ein ikkje berre vere veldig gode venner?»
Ho tykkjer det er vanskeleg at fleire i familien framleis ikkje godtek heilt at ho har ein kjærast av same kjønn.
– Dei prøver gong på gong å vise meg menn og pushe dei mot meg:«Hadde ikkje han vore kjekk?» Eller seier at eg heilt sikkert kjem til å finne meg ein kjærast. Men eg har jo ein! Men så synest dei ikkje det er kjærast nok, ikkje livspartnar-materiale.
– Men ein må ta familien sin litt med humor, ellers så hadde dette aldri gått.
Ho fortel at ho nok har godteke ganske mykje frå familien om kva dei tenker, i håp om at å gi dei plass og tid kan gjere at dei kjem til ei forståing om at det er heilt greitt.
– Særleg gamle folk i familien, som kanskje ikkje skjønner kva det er og er prega av alt dei har lært om at dette er synd og liknande.
– Ser ikkje lesbisk ut
Ho trur det er spesielt vanskeleg for familie å akseptere, fordi dei så lenge har hatt sine eigne tankar og draumar om korleis livet skal bli for barnet deira.
– Når det kanskje ikkje blir barnebarn og slike ting, kan det kanskje vere utfordrande å sjå for seg korleis livet deira skal bli. Det er nok ofte slik at folk godtek at andre er homofile, men når det skjer i eigen familie er det brått mykje vanskelegare.
Folk utanfor familien har lettare for å akseptere det, meiner ho. Likevel møter ho også fordommar der.
– Eg er veldig feminin og då må ein alltid komme ut om att og om att til ulike folk. 99 % av folk seier: «Men du ser ikkje lesbisk ut». Men korleis ser ein lesbisk ut? Må eg skrive SKEIV i panna?
Lukas Steidl (21): – Ubehageleg å ikkje kunne vere seg sjølv
Lukas Steidl (21) frå Bergen har opplevd ein av dei store redslane mange har til det å kome ut: han vart kasta ut heimanfrå.
Far hans var ein av dei siste som fekk vite at han er homofil, og eit dårleg forhold vart endå dårlegare.
– Det har alltid vore litt anstrengt med pappa heime, men det vart ein ekstrem forskjell då eg kom ut. Alt vart mykje verre.
Han var rundt 14 år då far hans fekk vite det, og minnest ein lang periode med passiv aggressiv stemning i heimen.
– Han var ikkje veldig tilhengjar av det, for å seie det sånn.
Då han var 16 år, enda dei opp i ein stor krangel, som botna i at Steidl er skeiv.
– Då vart eg kasta ut heimefrå.
Likevel har også han sympati for foreldre og familie som kan synast det er vanskeleg å akseptere med ein gong.
– Dei fleste må kanskje førebu seg på ein litt negativ reaksjon når ein kjem ut. Men det handlar ikkje nødvendigvis om at dei ikkje er glade i deg. Særleg frå den eldre generasjonen som er vakse opp med at det var ulovleg å vere homofil til 70-talet. Det er gjerne eit lite sjokk, seier han og legg til:
– Ein må kanskje gi litt folk tid til å komme over det, men det går som regel fint.
Hadde ikkje høyrt ordet homse før
Den første han kom ut til var søstera, då han var 11 år gamal.
– Det var den skumlaste. Ho var den første eg sa det til og eg hadde ingen forventingar.
Framleis var det ei tid der tilgang på internett og all verdas informasjon ikkje var like lett tilgjengeleg som i dag.
– Eg hadde ikkje noko bilete på kor normalt det faktisk er. I dag vil det kanskje vore litt lettare fordi ein ikkje føler seg like unormal. Ein kan google, snakke med folk og få støtte før ein sjølv kjem ut.
Han hugsar dagen som veldig skummel, men valde trass alt søstera medvite: det var ho han alltid hadde kunne stole på.
– Det gjekk veldig fint heldigvis. Ho var full av forståing og hadde sjølv ein venn som var homofil, og eg byrja henge meir med dei for å ha nokon å snakka med om dette.
Som oppvaksen i Balestrand, ein liten tettstad i Sogndal kommune, visste han ikkje heilt kva det var han følte på.
– Eg skjønte nok ikkje følelsen heilt før eg snakka med søster mi. I Balestrand var ikkje homse brukt som skjellsord ein gong, så eg hadde faktisk ikkje høyrt ordet før.
Mora var stille i to dagar
To år seinare, som 13-åring, kom han ut til mor si:
– Det var ikkje planlagt i det heile tatt. Me brukte å ta kveldsturar med hunden og snakka om alt mogleg og har alltid hatt eit veldig ope forhold. Eg plar tenke veldig over kva eg seier, men dette berre kom rett ut.
I nokre sekund angra han.
Mora var stille. Ho grein. I to dagar snakka ho ikkje med han.
– For meg var det ein veldig ubehageleg situasjon og eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg der og då. Heldigvis kunne eg snakke med søstera mi om det. Eg forventa nok ei betre reaksjon enn dette, men i dag er ho veldig støttande.
Også han tek opp mora sine eigne forventingar om korleis livet hans skulle bli.
– Ho var redd for at ho ikkje skulle få biologiske barnebarn, og ho fekk litt sjokk. Men det er kanskje å forvente. I dag har me eit kjempefint forhold.
Kom ut ufrivillig for klassen
Etter kvart hadde han to-tre vener som visste at han var homofil, klassen elles visste det ikkje. I 10. klasse var det avslutningstur og Steidl, som hadde best kontakt med jentene, spurde læraren om lov til å sove på rom med dei heller enn med gutane. Foreldra kjende han og sa ja, det same med læraren.
– Men så vart læraren sjuk og me fekk vikar. Då fekk eg beskjed om at eg heller kunne sove på rom åleine, og at me måtte fortelje klassen kvifor.
Han sa seg samd, sjølv om han ikkje ville.
– Heldigvis gjekk det veldig fint, alle gutane kom og støtta meg.
– Sjølv dei som kanskje var verst på å bruke homse som skjellsord til dømes, kom til meg og sa at dersom nokon gjorde det eller var kjipe med meg, skulle dei støtte meg.
– Kjipt, men samstundes befriande
Då han var 16 år kom han heim med sin første kjærast. I to år hadde far hans visst om legninga, men no vart det endå vanskelegare. Krangelen som skulle ende i at han vart kasta ut, handla om alt og ingenting.
– Det vart aldri sagt direkte, men alt i alt kom det tilbake til at det handla om legning.
Å bli kasta ut av sin eigen heim som 16-åring, attpåtil på grunn av legninga si, er hardt. Likevel ser Steidl også det positive i det.
– Det var sjølvsagt kjipt, men eg hadde ein stad å gå. Kjærasten min budde for seg sjølv, så eg hamna ikkje på gata. Så det var kjipt, men det var samstundes litt befriande. No kunne eg kome meg ut av huset og vekk frå kranglinga.
Dei snakka ikkje saman på to år, etter ynskje frå Steidl.
– Me har aldri snakka noko spesielt om det. Eg vil berre gløyme det. Men no er han veldig på å seie at han er glad i meg når me snakkar, det gjorde han aldri før. Me har ein grei kontakt i dag.
– Må eg seie det?
– Vurderte du nokon gong å ikkje kome ut?
– Jo, sjølvsagt. Det har jo vore ein tanke, særleg med pappa: må eg eigentleg seie det?
Å få mot nok til å fortelja det, tok dimed litt tid. Likevel er han glad for at han kom ut nokså tidleg.
– Berre den tida eg hadde utan å fortelje det, var nok. Ein orkar ikkje gå med dette åleine i mange, mange år. Å ikkje kunne seie kva ein tenker og snakka om det ein føler er ei belastning, særleg med familien.
– Når eg tenker på eldre folk som kjem ut… Eg kan ikkje sjå for meg kor grufullt det må vere å bera på det åleine så lenge.
Sjølv om han føler han kunne fått betre reaksjonar då han kom ut, var det også ubehageleg for han den tida han visste – men ikkje hadde fortalt det til nokon.
– Heile prosessen har vore ekkel. Det er ubehageleg å ikkje kunne vere seg sjølv, og eg visste alltid at på eit eller anna tidspunkt måtte dei rundt meg vite det.
Også han drøymer om ei verd der ein slepp heile kome ut-prosessen:
– Eg håpar at det for komande generasjonar blir betre, og at ein ikkje treng å kome ut ein gong. Me er menneske. Det hadde jo berre vore fint å berre komme heim med ein kjærast ein dag, og at det ikkje må vere ein kjempelang samtale ein må førebu seg på i mange år og lang tid.
Til dei som kanskje sit midt i den vurderinga no, og lurer på og fryktar konsekvensane av å kome ut, meiner Steidl at det uansett er betre enn alternativet.
– Anten så seier ein det ikkje, for å oppretthalda eit forhold med ein person som kanskje ikkje er glad i deg som person – eller så seier ein det, mistar denne personen, men får eit liv utan løyndomar og kan vere den ein er. Det siste alternativet er det beste, i mitt hovud, seier han og utdjupar:
– Altså: anten er dei glade i deg og støttar deg, eller så er dei ikkje det og då treng ein dei ikkje i livet sitt.
Sjølv har han vore med i komitéen for Regnbogedagane i Bergen i seks år, og fortel at desse har blitt som ein familie.
– Er ein redd for å ende opp åleine, så treng ein ikkje det. Det er alltid fine folk å bli kjend med.
Kristine Grønn (20): – Får ein indre homofobi mot seg sjølv
– Det er jo heilt absurd å tenke på. Det er ingen hetero barn som treng å tenke på å kome ut, seier Kristine Grønn (20) frå Karmøy.
Så lenge ho kan hugsa har ho visst at ho er lesbisk. Då dei andre jentene i 8-årsalderen byrja snakka om dei søte gutane i klassa, byrja ho å snakka om dei søte jentene.
– Då fekk eg reaksjonar og skjønte raskt at dette var feil.
Ho hadde aldri sett likekjønna par, og hadde som Lukas Steidl eigentleg aldri høyrt om homofile og andre legningar i det heile tatt.
– Eg hadde heller ikkje høyrt noko om at det ikkje skulle vere greit. Men dette var første gong eg forstod at: her er det noko som skurrar, minnest ho.
Ho vart eldre og i eit bursdagsselskap, kanskje då ho gjekk i 5.- 6.klasse, leika dei nødt eller sanning. Spørsmålet ho fekk var: kven likar du?
Då dei andre hadde svara hadde det blitt lått og erting. Då ho svara eit jentenamn, vart det heilt stille.
– Det var ein av dei første opplevingane mine der eg tenkte: oi, var ikkje dette greit?
– Eg hadde veldig lyst til å vere hetero
Framleis hadde ho ikkje særleg med kunnskap om det å vere skeiv og andre sine erfaringar. I den vesle tettstaden hadde ho aldri sett eller høyrt om andre homofile, og hadde vakse opp utan ei formeining rundt om dette var verken rett eller gale.
Ho gjekk til bestemora, som ho har eit nært forhold til, og fortalde at ho trudde ho likte ei jente.
– Til svar fekk eg at: «Det er mange som trur dei liker jenter ei stund». Bestemor hadde sjølv venninner som hadde likt jenter, og så hadde det gått over.
Grønn prøvde etter kvart å fortelje det til venninner, men også der fekk ho same svar:
– Dei hadde også høyrt at dette berre var ein fase. Noko som kom til å gå over. Det har eg aldri høyrt nokon seie til ein hetero person, ler ho oppgjeven.
Også mora sa at det kanskje ville gå over, og sa at ho kanskje ikkje burde fortelje det til folk.
– Ho gjorde det jo i beste meining, fordi ho visste at det kjem reaksjonar om det. Men det gjorde jo at eg ikkje snakka så mykje om det i ungdomsåra.
I staden prøvde ho å like gutar og sa til vener: Eg likar han og han. Mest for å overtyda seg sjølv.
– Når mamma ikkje ville eg skulle snakka ope om det, tenkte eg at dette kanskje ville bli vanskeleg. Eg hadde veldig lyst til å vere hetero, så kvifor ikkje berre bestemme seg for å vere det?
I ettertid har ho lurt på korleis dette ville vore om ho hadde lært meir om legning og homofili i seksualundervisinga på skulen.
– Eg kan ikkje hugsa at det vart nemnt i det heile tatt at det finst noko anna enn heterofile i løpet av barneskulen.
– Skikkeleg redd for å kome til helvete
Som barn hadde ho verken sett eller høyrt noko om temaet, som ungdom hadde ho berre fått med seg dei små hinta om at dette var noko gale. At dette ikkje skulle snakkast om.
Det gjekk mange år før ho aksepterte si eiga legning. For det første trudde ho faktisk på venene og familien, og gjekk og venta på at det skulle gå over. I tillegg er ho sjølv kristen og vaks opp i ein kristen kyrkjelyd.
– Det var ingen å snakka med dette om. Me har jo lært at homofili er moralsk feil. At ein kan kome til helvete. I periodar skremte det meg veldig.
I lokalsamfunnet visste ho ikkje om nokon som var ope skeive. Frå vener og andre fekk ho vite at det berre var ein fase som ville gå over. Frå andre fekk ho inntrykk av at dette var noko ein kunne velje sjølv.
– Ei stund i tida før ungdomsskulen spesielt, var eg skikkeleg redd for å kome til helvete.
– Samstundes trudde eg at dette var noko eg sjølv hadde valt på eit tidspunkt. Eg skjønte ikkje kvifor eg ikkje berre kunne velje det vekk. Eg ville jo ikkje vere skeiv. Det er litt trist å sjå tilbake på.
På ein kristenleir hadde ho fortalt om tankane sine til ei veninne og fekk til svar at det ikkje er noko gale i å like jenter – så lenge ein ikkje gjer noko med det.
– Du giftar deg med ein mann for det, sa ho. Så eg har verkeleg trudd at dette var eit val og har prøvd å velje det vekk, men det er jo ikkje sånn det fungerer.
I dag er ho student i Oslo, men sjølv her er ho ambivalent til å oppsøke kristne miljø.
– Eg har fleire gonger tenkt at eg har lyst på eit kristent felleskap også her, men slit framleis med kombinasjonen. Når ein kjem frå ein liten plass og er kristen, har ein fått ein indre homofobi mot seg sjølv.
Framleis føler ho at ho må velje: anten kristen eller skeiv.
– Eg greier jo ikkje velje mellom det. I kyrkjelyden eg har vakse opp i har eg til dømes lyst å gifte meg ein gong, men det går ikkje. Det er ganske vondt.
So what, om det ikkje går over?
Då ho var 16 år byrja ho på ein større vidaregåande skule der der var langt meir opplysing og openheit om det å vere skeiv.
– Der kunne eg faktisk snakke om det. Då eg sa til mine nye vener at eg hadde hatt denne kjensla så lenge eg kunne hugse, og at det kanskje ikkje kom til å gå over, svara dei: Jaja, so what om det ikkje går over?
Ho forstod at dette ikkje var noko ho hadde vald sjølv.
– Om eg kunne det hadde eg jo valt det vekk. Det er kjempekjipt, men sanninga.
Med forståing av at dette ikkje var noko som kom til å gå over, kom også erkjenninga om at ho måtte fortelje det.
– Då må ein brått ta ganske mange rundar med seg sjølv, og med det å kome ut. Det kan vere ganske vanskeleg når ein byrjar å tenke at dette kanskje er noko ein må fortelje. Ein blir redd for kva reaksjonar som vil kome, og høyrer jo om andre som har fått negative reaksjonar.
Ho bestemte seg for å fortelje det til familen. For å kome ut.
– Eg grua meg skikkeleg og hadde vondt i magen i fleire dagar før eg skulle fortelje det til besteforeldra mine. Ein førebur seg på spørsmål, kritikk, kva kan kome? Kva om dei faktisk ikkje vil ha noko meir med meg å gjere?
Det gjekk heldigvis bra, med både foreldre, besteforeldre og storfamilien.
– Eg trur det vanskelegaste for dei har vore vissa om at det ikkje alltid er så greitt å vere ein som skil seg ut på ein liten plass. At mamma til dømes først og fremst var uroa på mine vegner og korleis det er å vere den folk pratar om.
– Å akseptere meg sjølv er nok det tyngste eg har gjort.
Også Grønn drøymer om ei verd der unge ikkje må kome ut.
– Eg ser absolutt at det har vore nødvendig tidlegare: å vere hetero har jo vore det normale i alle år og det har vore eit behov for å seie frå om at det ikkje nødvendigvis er sånn. Men no i 2020, der det skal vere nokså likestilt og opplyst, er det ganske rart å tenke på at dette er noko ein framleis må.
Å høyre høyrer folk sine historiar om familiar som ikkje vil ha noko meir med dei å gjere, foreldre som kuttar kontakten og vanskelege forhold på grunn av dette, gjer det ekstra vanskeleg.
– Det kan jo vere ein ganske big deal å komme ut. Det er skummelt, og ein må ta ganske mange rundar med seg sjølv. Det er utruleg trist at det er sånn, men eg forstår godt at folk gruar seg. Ein veit faktisk ikkje kva som ventar deg når du fortel det. Eg grua meg lenge og føler meg kjempeheldig som ikkje fekk verre reaksjonar, men det er dumt at det skal vere sånn.
Om ho skal gi eit råd til dei som lurer på om dei skal kome ut, rår ho til å gjere det likevel.
– Eg vil absolutt anbefala, så langt det går, å vere seg sjølv. Eg trur ein blir mykje gladare av å kunne vere fri i det. Samstundes ser eg at det kan vere ein utruleg vanskeleg ting å komme ut. Reaksjonane ein er redd for, kan bli reelle. Men som i mitt tilfelle kan også reaksjonane vere mykje mindre enn frykta. Familien din er stort sett glad i deg for den du er. Eg vil i alle fall håpe at for mange er det lettare enn det verkar som på førehand.
– Den fridomen du får når du har gitt deg sjølv lov til å vere deg sjølv, er veldig deilig.
Likevel er ho oppgjeven over at det i det heile tatt må skje, at denne saka i det heile tatt må skrivast.
– Eg er fødd i år 2000, det er så unødvendig. Det skal jo ikkje vere sånn!
Ho hadde jo ikkje tenkt å vere ho den som alltid snakkar om å vere lesbisk, men ser at det framleis er behov for dette.
– Eg hadde ingen å sjå til då eg var yngre og har gått med sjølvforakta i mange år. Å akseptere meg sjølv er nok det tyngste eg har gjort. Det håpar eg at folk skal få sleppe i framtida. Om det at eg er open kan gjere at andre kan greie å tenke betre om seg sjølv, er det verd det.
Lurer du på kva du gjer om nokon kjem ut til deg? Her får du Tuulia, Lukas og Kristine sine beste råd!
- Les også meiningsinnlegget til Kristine Grønn: «Eg er skeiv, men eg er ikkje stolt. Dessverre»