Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 01.02.2021 13:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Draumen er jo at ein skal kunne sleppe å kome ut i framtida, seier Tuulia Keränen (27)  til Framtida.no.

Framtida.no har prata med tre unge skeive, om korleis det var for dei å kome ut som homofil.

Lukas Steidl vart kasta ut heimanfrå, Kristine Grønn trudde ho kunne velje vekk legninga si og Tuulia Keränen annonserte at ho var saman med ei jente på Facebook før ho flytta til England.

Dei er alle samde om at det beste hadde vore å sleppe å kome ut. At det var eit alternativ å vere skeiv, på lik linje som å vere heterofil – i staden for at ein forventar at alle er heterofile.

Men om nokon skulle kome ut til deg som foreldre, besteforelder, familiemedlem eller ven, har dei eit hovudønske: reager minst mogleg.

Dette er deira råd om korleis du bør gjere om nokon kjem ut til deg: 

Kristine Medhaug Grönn (20). Foto: Maja Korbøl.

Kristine:

  • Reager minst mogleg:
    • Det ein vil komme til er at det er like vanleg å seie at eg liker jenter som at eg likar ein gut. At det ikkje skulle vere nødvendig å kome ut, er jo målet. Så eg hadde ønskt meg ein minst mogleg reaksjon, og eg trur det for mange er den optimale reaksjonen. At det ikkje er så big deal. Også at ein slepp å få som respons at: «Eg synest det er greit, men kanskje ikkje alle andre». Det skal ikkje vere noko du treng å tenke på. 
  • Førebyggande:
    • Det eg håpar mine vener vil gjere er å frå barna er små, snakka om at foreldre kan vere meir enn berre mor og far. At det ikkje skal vere heilt fjernt at det finst andre familietypar. Jo tidlegare ein får dette inn, jo betre. 
    • Unngå kjønn når ein spør om det var nokon søte i klassen til dømes. Sei: Var det nokon du likte?, og ikkje sei «han» eller «ho». Det forsterker kjensla av at det er eín ting som er rett, og ein ting som er feil. 

 

– Om familien er viktig for deg, er det jo ikkje berre berre å kome ut. Ein er jo redd. Men ein må stå opp for seg sjølv, det er det ingen andre som gjer, seier
Tuulia Keränen (27). Foto: Privat

Tuulia:

  • Berre lytt:
    • Det som hadde vore optimalt er jo at folk hadde godteke det på flekken, men det kan ein jo ikkje forvente. Så eg trur det å kanskje sjå litt på tinga, gjere litt research om kva det handlar om og ha ein samtale med den som kjem ut til deg og berre lytte til dei er det beste. Tenker du at det er ein fase, så treng du ikkje seie det. Berre sjå korleis ting blir. Om ein utforskar litt på eigen seksualitet, er det ingenting feil med det. Berre la dei vere den dei er.
  • Gi deg sjølv tid: 
    • Nokre gonger må ein gi seg sjølv litt tid for å sortere tankane. Sånn som mamma: ho var litt skeptisk i starten og tenkte at det var ein fase, men i dag er ho veldig positivt innstilt. Så ein kan jo endre sitt syn og kome til ein konklusjon om at det går bra. Nokre foreldre er kanskje også redd for korleis livet til den enkelte blir, med mobbing osb, men ein kan bli mobba for kva som helst. I dag er det jo mykje meir ope og akseptabelt, og det blir jo betre – håpar eg.

 

– Å måtte kome ut er ei ekstra belasting i miljøet som kanskje er litt unødvendig, seier Lukas Steidl (21). Foto: Privat

Lukas:

  • Ta initiativ:
    • Ein fin ting i framtida hadde vore at foreldre sjølve tok initiativ til å setje seg ned å snakke om følelsar og spør ope om ein er hetero og skeiv. Det er det mange som gjer og det er veldig bra.
  • Ikkje reager med ein gong:
    • Ein kan forvente at for nokre er det eit sjokk, og ei nyheit som kanskje kjem litt brått. I den fasen vil eg kanskje anbefale at ein avsluttar hyggeleg og heller seier at: me kan snakke om det igjen om eit par dagar, så ein får tenkt seg om og ikkje seier impulsive ting ein kanskje ikkje meiner eingong.
  • Tilby eit miljø:
    • Det viktigaste er å seie til deg som kjem ut, er at det finst plassar å gå til, folk ein kan snakke med. Om ein bur på landet er det kanskje litt vanskelegare, men i byar finst Skeiv Ungdom og andre plassar du kan gå. På landet har ein heldigvis nettet. Om ein sit inne med noko som ein kanskje ikkje veit heilt kva er, så finst det stader å finne nokon å snakke med. Det er viktig.

Les også intervjuet med Tuulia, Lukas og Kristine! 

FRI-leiar Inge Alexander Gjestvang rosar NRK for å syne «Første dag» og rår vaksne til å lytte til barn- og unge. Foto: Skjermdump frå NRK, Privat. Kollasj: NRK