– Verda blir stadig litt betre
Det viktigaste tusenårsmålet til FN er nådd. Men lågare bistandsbudsjett frå i-land i økonomisk krise, og eit Afrika sør for Sahara som sakkar etter, legg ein dempar på feiringa av FN-dagen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dette gjer verda litt betre
– Verda blir stadig litt betre. Fleire menneske lever liv med ein betre kvalitet enn tidlegare, seier kommunikasjonssjef Torbjørn Urfjell, ved FN-sambadet til Framtida.no i høve FN-dagen.
Tidlegare i år melde Framtida.no at det har blitt 663 millionar færre ekstremt fattige i verda sidan 1990. Dermed er det viktigaste av tusenårsmåla nådd tre år før fristen som FN har sett i 2015.
Målet om reint drikkevatn er òg nådd. Sidan 1990 har to milliardar fleire menneske fått reint drikkevatn.
– Dessutan er eit viktig delmål nådd. No er det om lag like mange jenter som gutar som går på skulen, seier Urfjell.
Talet på born som døyr før dei fyller fem år, og dødelegheit i samband med svangerskap er redusert med 50 prosent.
Dessutan ser ein framgang på fleire av delmåla, særleg i Asia, Nord-Afrika og Latin-Amerika.
LES OGSÅ:Fleire born overleverer: – Viser at bistand verkar
Kva etter 2015?
I dag, på sjølvaste FN-dagen, møter utviklingsminister Espen Barth-Eide FN-organisasjonane i Noreg for å diskutera kva som bør vera måla til FN etter 2015. I løpet av det neste året vil FN-organisasjonane ha innspel til kva som bør vera dei neste måla for verda.
– Me kan ikkje spå korleis framtida kjem til å sjå ut, men me kan påverka den, seier Kari Solholm, generalsekretær i FN-sambandet.
Ho peikar på at FN er opptatt av at dei som arvar kloden etter oss skal vera med å teikna vegkartet for si eiga framtid. Ein fersk UNESCO-rapport viser at ein av åtte ungdommar i verda er arbeidsledig og at mange av dei lever i fattigdom. No ønskjer FN innspel frå sivilsamfunnet – frå deg og meg – om kva som bør vera dei nye måla.
LES OGSÅ:Krev høgkommisær for ufødde
Med handbrekket på
FN-sambandet åtvarar likevel mot at den internasjonale økonomisk krisa har fått gjevarar til å trekkja opp handbrekket. For første gang på mange år går beløpa som blir sett av til utviklingshjelp ned på verdsbasis.
– På sikt vil ein siger i fattigdomsracet gagna verdsøkonomien. Med tre år igjen er det likevel ingen tydelege teikn på at donorstatar er klare for å auka farten, seier Kari Solholm.
– Noreg må halda fram med å bidra med over éin prosent av statsbudsjettet til utviklingshjelp. Slik kan Noreg med truverde dra andre land med i spurten fram mot 2015. Om ikkje håndbrekket blir tatt av no vil resultatet bli at færre tusenårsmål blir nådd, i færre land, seier generalsekretæren for FN-sambandet.
Afrika sakkar etter
Den andre store utfordringa for tusenårsmåla er at Afrika sør for Sahara sakkar etter, trass økonomisk vekst her. I Afrika sør for Sahara døyr framleis 500 kvinner per 100.000 fødslar. Ein av årsakene kan vera at berre 45 prosent av fødslane i regionen blir assistert av kvalifisert helsepersonell, som legar og sjukepleiarar. 82 prosent av barna som døyr før dei fyller fem år bur i Afrika sør for Sahara eller Sør-Asia.
– Dette vil seia at Afrika sør for Sahara ikkje har fått til den fordelinga som må til, seier Torbjørn Urfjell i FN-sambandet.
– Det er grunn til å tru at fordelingsspørsmål blir endå viktigare med tida som kjem, legg han til.
Delmålet om at like mange jenter og gutar skal gå på skule er òg nådd. FOTO: UN Photo/John Isaac
FN etterlyser innspel til kva som bør vera deira nye mål etter 1000-årsmåla. Kva meiner du bør vera dei nye måla til FN?
Faktaboks
Dette er tusenårsmåla til FN:
1. Utrydda ekstrem fattigdom og svolt
2. Sikra utdanning for alle
3. Styrkja stillinga til kvinner
4. Redusera barnedødelegheita
5. Reduseae svangerskapsrelatert dødelegheit
6. Stoppa spreiing av hiv/aids, malaria og andre dødelege sjukdommar
7. Sikra bærekraftig utvikling for miljøet
8. Byggja ein global partnarskap for utvikling
Les meir om delmåla hjå FN-sambdet og FN (engelsk)