Med fjorårets diktsamling Skare viste Erlend Skjetne seg som ein av Noregs beste lyrikarar. Med Kleda er gjennomvåte er det klart at han truleg òg er blant dei beste norske romanforfattarane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Boka Kleda er gjennomvåte er romankunst på sitt aller beste.
Forfattaren Erlend Skjetne debuterte i fjor med diktboka Skare og blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris – me kjem tilbake til Vesaas seinare i bokmeldinga. Skjetne trong berre eit år før han i haust var klar til å gi ut si bok nummer to, nemleg romanen Kleda er gjennomvåte.
Leverer alt ein roman skal
Kleda er gjennomvåte leverer på alt det ein roman skal.
Den har eit interessant og levande persongalleri. Språket er vakkert og utført med ein drivande god pen. Ikkje minst er boka ein stad der ein kan la tankane sine bli verande i lengre tid.
Komposisjonen er særskild bra. Skjetne fell ikkje for freistinga til å forklare alt med ein einaste gong, men let dei ulike elementa av forteljinga skride fram på ein slik måte at nysgjerrigheita heile tida er trigga. I starten er alt diffust, men ein kan ane noko spennande i skygga, noko ein vil vite meir om.
Eg skal ikkje forsøkje meg på eit handlingssammendrag. Boka er ikkje fortalt gjennom eit kronologisk tidsforløp. Synsvinkelen vekslar mellom hovudpersonen sin indre monolog, objektive sjukehusjournalar og politirapportar, dikt og fleire merkelege tekstar med overskrifta Frå lovboka.
Dei viktigaste stikkorda for handlinga Kleda er gjennomvåte er likevel utanforskap, forholdet mellom far og son, religion, sjølvmord, venskap og bridge, uhorvelege mengder med bridge faktisk.
- Som tenåring var det Dostojevskij som gjorde inntrykk på Erlend Skjetne: – Det var fantastiske å få bryne seg på noko slikt, du slette tid.
Minner om Vesaas
Medan eg las gjekk tankane til nynorske meistrar som Jon Fosse og Arne Garborg. Likevel er nok slektskapet størst med sjølvaste Tarjei Vesaas, boka syner å vere sjølvbevisst på dette. Ho opnar med eit sitat frå diktet Sol-krå av Vesaas som set stemninga for boka.
«Blanke dropar frå snøkanten, / dei speglar godt og vondt / i sitt korte fall, og knusest.»
Det stoppar ikkje der, sånn cirka ein tredjedel uti boka byrjar forteljaren å diskutere korleis både han og faren hans liknar på Per Bufast, hovudpersonen i Det store spelet, den Vesaas-boka som Kleda er gjennomvåte slektar mest på.
- Les også: Fem norske klassikarar du bør lese
Vert verdande med deg lenge
Akkurat som Vesaas så dreg Skjetne med seg det lyriske inn i prosaen og romanen. Heldigvis er han ikkje så veldig opptatt at kvar einaste setning skal drive handlinga vidare, men tek seg tid til å utforske dei ulike sidene med romanuniverset.
Spesielt godt likar eg korleis skiftet mellom ei svært personleg og subjektiv stemme og objektive sjukehus- og politirapportar knyter ulike stemningar og kjensler til dei same hendingane.
Frå lovboka-tekstane bidreg med å granske dei ulike temaa som romanen tek opp, det er ikkje alltid klart korleis tekstene heng saman med resten av boka eller korleis dei skal tolkast, men dei opnar romanen endå meir opp og inviterer til endå fleire spørsmål.
Kleda er gjennomvåte er ikkje ei sånn bok som samlar alle trådane til slutt, men ei slik bok som blir verande hjå deg lenge etter at du har lese ferdig den siste sida.
Ei stor lesaroppleving
Kleda er gjennomvåte er eigentleg overraskande tilgjengeleg. Ein kunne tru at ei bok med skiftande synsvinklar og mangel på eit tydeleg plott ville bli ei uleseleg røre, men ikkje i dette tilfellet. Dette er ei bok eg meiner at kan bli ei stor leseoppleving for dei fleste som les ho.
Forfattarskapet til Erlend Skjetne er enno ungt, men kanskje det mest lovande i Noreg. Allereie har han levert to bunnsolide bøker, og Kleda er gjennomvåte har etter mitt skjønn potensialet til å bli ståande som ein klassikar.
Både bokmeldaren og forfattaren leverer tekstar til Framtida.no og Magasinett med jamne mellomrom, men har aldri møtt kvarandre.
- Les også om då Framtida.no-journalist Helene Hovden Hareide freista finne ut kvifor mannlege forfattarar ikkje smiler: – Det er 99 % forfengelegheit som styrer val av portrett.
Fakta
- Tittel: Kleda er gjennomvåte
- Forfattar: Erlend Skjetne
- Forlag: Flamme Forlag
- Utgitt: 2020
- Sjanger: Roman
- Sidetal: 272