Bør satse på torsk og sild som sushi
Fiskeindustrien bør satse på sushi av torsk og andre tradisjonelle norske fiskeslag, meiner Sintef-forskarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha desse til sushi
Norsk fiskeindustri slit fordi Kina kan foredle fisken mykje billegare enn fabrikkane i Noreg. Fiskeridepartementet har difor bede forskarar ved Sintef om å sjå etter nye løysingar, og dei foreslår sushi-produksjon, skriv Aftenposten.
– Det er framleis håp for norsk fiskeindustri, men då må det satsast på auka automatiseringsgrad i produksjon av fisk både om bord og på land, høg kvalitet i alle ledd, auka utnytting av heile fisken og sushi, seier forskarane Leif Grimsmo og Hanne Digre ved Sintef fiskar og havbruk til Aftenposten.
Får høgare pris
I staden for å konkurrere med Kina på pris, meiner dei Noreg må utvikle ein fiskeindustri som kan levere høgkostprodukt til godt betalte og sterkt veksande marknader for sjømat.
– Sushi er ein slik marknad, der mange av våre fiskeslag kan bli aktuelle ingrediensar både innanlands og i europeiske sushibarar, seier forskarane.
Forskar Audun Iversen i Nofima er samd og fortel at dei som har prøvd torsk i sushi er begeistra.
– Fisken har både farge og konsistens som kan slå an, seier Iversen til Aftenposten.
Gå til mat og drikke-sidene til Startsiden!
Sild som sushi
Rundt 140 millionar norsk matjessild blir kvart år sendt ut av landet, men no skal matjes-sushi gi nordmenn smaken på silda.
Medan matjessilda er ei delikatesse i Nederland og Tyskland, er det få nordmenn som har fått auga opp for silda. Det vil nederlendaren Arjen Kraaiveld gjere noko med, og no har han også fått Noregs sjømatråd med på laget. Saman satsar dei på å lansere matjessild som eit sushiprodukt.
– Dette er gjennombrotet for matjessild i Noreg. Sushi er det området innan daglegvarehandelen som aukar mest, ikkje berre i Noreg men også internasjonalt. Alt skulle liggje til rette for at den norske matjessilda kan bli eit sushiprodukt for fleire enn nordmenn, seier Kraaiveld til Nationen.