Lysmarkeringar over heile Noreg kvelden før klimasøksmålet skal til Høgsterett
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tre generasjonar med klimaaktivistar står bak markeringa gjennom Natur og Ungdom, Greenpeace, Naturvernforbundet og Besteforeldrenes klimaaksjon.
– I dette klimasøksmålet står unge og gamle saman i kravet om å stanse klimaendringane, og ansvarleggjere dagens politikarar, seier Therese Woie, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
- Les også: Klimasøksmålet slepp Høgsterett-rekning
Meiner leiting er grunnlovsstridig
Miljøorganisasjonane meiner at lisensane frå 2016 som opnar for å leite etter olje i Arktis, bryt miljøparagraf 112 i Grunnlova, der det heiter at folk har rett til eit sunt miljø.
Greenpeace Noreg og Natur og Ungdom har saksøkt staten, og etter å ha tapt i tingretten og lagmannsretten, skal saka no blir behandla i Høgsterett frå 4.–12. november.
I søksmålet skuldar dei òg staten for å bryte Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Lyslenke i Oslo
Det er planlagt markeringar 40 stader i Noreg, og dessutan støttemarkeringar i utlandet. I Oslo skal det dannast ei menneskeleg lyslenke frå Stortinget til Høgsterett.
Lysa blir tent klokka 18.14, ei tilvising til underteikninga av Grunnlova.
– Verda har vorte samde om å stanse oppvarminga over 1,5 grader. Då kan ikkje Noreg tildele oljelisensar for produksjon langt forbi tidspunktet verda må oppnå nullutslepp og langt inn i dei mest verdifulle havområda våre i det sårbare Arktis, seier Woie.
Motparten i søksmålet er staten ved Olje- og energidepartementet. Regjeringsadvokat Fredrik Sejerstad representerer staten.
– Vedtaket vart treft etter grundige faglege, administrative og politiske prosessar, som fullt ut var i tråd med norsk lov og grunnlov, skriv Sejerstad i sluttinnlegget som er levert inn til domstolen.