Frp føreslår å la 17-åringar ta lappen

Transportøkonomisk Institutt vil heller auka aldersgrensa til 25 år.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er eit godt forslag. 17-åringar som består teoriprøven og førarprøven, bør kunne køyre bil åleine.

Det seier leiar i Framstegspartiet Ungdom, Andreas Brännström, til VG.

16-åringar på lett motorsykkel

Tysdag la programkomiteen i Frp fram sitt forslag til partiprogram. Å la 17-åringar ta førarkort for bil er eitt av forslaga.

Brännström viser til at 16-åringar i dag kan ta sertifikatet for lett motorsykkel.

– Då kan ein køyre på to hjul i over 100 km/t. Det er langt større risiko og mykje farlegare å køyre motorsykkel, samanlikna med bil, seier han til avisa.

Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk meiner aldersgrensa heller bør aukast. Foto: Trygg Trafikk

TØI vil auka aldersgrensa

Forslaget møter motstand frå mellom anna Transportøkonomisk institutt (TØI).

– Vi ønskjer heller at aldersgrensa skal aukast. All forsking viser at hjernen først er ferdig utvikla i 25-årsalderen, sier Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk til VG.

Kor gamal bør ein vere for å ta førarkort for bil?

Kor gamal bør ein vere for å ta førarkort for bil?

16 år – som i USA36
17 år17
18 år – som i dag46
25 år – når hjernen er utvikla7
Kva skal ein med lappen?1
Veit ikkje2
Svar totalt: 109

Bakgrunnsfoto: Brage.aronsen / Wikimedia Commons/ CC BY-SA 4.0 , Daniel Fontenele/Unsplash. Kollasj: Framtida.no