Tre personar blir utestengde for juks på teoriprøva – brukte skjult øyrepropp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein kandidat fekk ni månaders utestenging fordi vedkommande brukte ein skjult øyrepropp med leidning til ein skjult mobil, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ein annan kandidat fekk sju månader for å ha teke med seg mobil inn i prøvelokalet, men Vegvesenet kunne ikkje bevise at vedkommande hadde brukt mobilen.

Frode Børstad, avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, fortel at vegvesenet reagerer strengt også på forsøk på juks. Foto: Statens Vegvesen

– Målet vårt er at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken. Vi jobbar derfor aktivt for å avsløre juks, for å hindre at sjåførar med potensielt svært dårlege teoretiske kunnskapar slepp til i trafikken, seier avdelingsdirektør Frode Børstad i Statens vegvesen.

Tidlegare vart juks behandla på same måte som stryk, med to vekers karantene. Frå nyttår har ein likevel fått lengre pålagt ventetid før ny prøve, mellom tre og tolv månader for ulike typar juks.