Seks av hundre unge går på sosialen

I fjor gjekk 6 prosent i aldersgruppa 18 til 24 år på sosialen for å få hjelp, viser ein rapport frå Nav.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

40 prosent fleire unge på NAV

Navs rapport konkluderer med at denne aldersgruppa er svært sårbar for endringar på arbeidsmarknaden, skriv Dagsavisen.

Rapporten viser at unge mellom 18 og 24 år har stått for 40 prosent av veksten i talet på sosialhjelpsmottakarar etter at finanskrisa slo inn frå slutten av 2008 og fram til 2009. I fjor tok 6 prosent imot sosialhjelp i denne aldersgruppa.

– Dette skjer ikkje fordi ungdom er late, men fordi dei manglar kvalifikasjonar for å komme seg inn på arbeidsmarknaden. Om du er ein ung mann som fall ut av vidaregåande opplæring og er utan yrkeserfaring, er sjansane dine relativt svake på arbeidsmarknaden, seier tenestedirektør Bjørn Gudbjørgsrud i Nav.

LES OGSÅ: 370 milliardar til 1,3 millionar nordmenn på trygd

Ungdom med låg utdanning og kort tid bak seg i arbeidslivet er nemleg blant dei første som fell ut når arbeidsløysa aukar, ifølgje Nav. Dessutan slit denne aldersgruppa allereie i utgangspunktet med å komme seg inn på arbeidsmarknaden i periodar med aukande arbeidsløyse.

Unge har færre rettar til dagpengar og arbeidsavklaringspengar dersom dei ikkje har vore i arbeid før. Dermed blir sosialhjelp den einaste inntektskjelda dei har krav på.

LES OGSÅ: Løftar seg inn i arbeidslivet

Nav meiner at dei unge må ha konkret utdanning og ikkje nødvendigvis berre korte arbeidsmarknadstiltak.

– Fråfallsprosenten er altfor høg, spesielt frå yrkesfagdelen. Det betyr at både vidaregåande skular og Nav må jobbe veldig konkret, og ikkje nødvendigvis sende ungdom på korte arbeidsmarknadstiltak, men heller prøve å integrere dei i utdanningssystem på ein eller annen måte. Det er viktig å fange opp dei unge tidlegast mogleg, og finne fornuftige tilbod som treff behova deira, seier Gudbjørgsrud. (©NPK)