Ny lov i Frankrike for å verne influensarar under 16 år frå foreldra
Barneombodet trur ikkje ei liknande lov vil bli aktuell i Noreg, medan Youtube-brørne Daniel og Simen er positive til ei slik lov.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
6. oktober vart ei en ny lov som regulerer influensar-verksemd for barn under 16 år, einstemmig stemt fram i den franske nasjonalforsamlingen, skriv Le Monde.
No må foreldre i Frankrike søke om løyve frå lokale styresmakter dersom dei vil eksponere barn under 16 år som influensar på internett.
I tillegg er det lagt inn restriksjonar på lønna influensarar under 16 år tener, slik at ikkje foreldra skal bruka pengane sjølv.
Det var NRK som først omtala denne saka i norske medium.
– Ungdom bør få bestemme sjølv
– Ungdomar burde få bestemme sjølv om dei vil bli ein influensar og offentleg person, fortel Daniel og Simen Andersen i ein e-post til Framtida.no.
Dei norske brørne starta sin YouTube-kanal i 2014, då dei var 13 og 11 år gamle.
I dag har kanalen over 58 000 abonnentar og over 18 millionar visningar.
Brørne meiner ei lov liknande den franske ville vore smart også i Noreg.
– Foreldre bør la barna få bestemme sjølv om dei vil bli influensar først. Deretter kan foreldra etterpå hjelpe dei med å søke om løyve, dersom barna vil det.
Dei meiner at unge influensarar bør få hjelp av foreldra.
– Så lenge barna sjølv får bestemme kva dei vil og ikkje foreldra pressar dei for mye, berre for at foreldra sjølv kan få pengar av det.
8-åring tente 240 millionar kroner
Influensar-verksemd står for enorme innteningar kvart år.
I 2019 var det 8 år gamle Ryan Kaji (Ryan’s World) som toppa lønnslista, og var den youtubaren i verda som hadde høgast inntekt. På eitt år tente han kring 240 millionar norske kroner, ifølgje Forbes.
I 2018 rekna Marianne Solheim, digital rådgiver i Carat Norge, at såkalla «influencer marketing» utgjorde mellom 50 og 70 millionar kroner av det totalte reklamemarknaden i Noreg (på totalt 20 milliardar).
Kjetil Manheim, plattformansvarleg i Blogg.no, meinte talet truleg var nærmare 100 millionar kroner.
YouTube-brørne Daniel og Simen Andersen meiner det er lurt å ha restriksjonar på kor mykje unge influensarar kan tene.
– Barn under 16 år har ikkje så mykje pengevett endå. For vår del har far vår vore med for å hjelpe oss. Han pusha oss ikkje, men me fikk sjølve lov å bestemme om vi ville bli influensarar.
Faren har også hjelpt dei to ungdomane med økonomien.
– Han har ikkje bestemt over pengane, men heller hjelpt oss med å bruke dei på rett måte.
Ikkje aktuelt i Noreg
Til NRK seier seniorrådgivar Kjersti Botnan Larsen i Barneombudet at det også i Noreg er behov for ei gjennomgang av regelverket, og fryktar foreldre som skyv barn framfor seg for å tene pengar.
Ho meiner likevel at ei førehandsgodkjenning som ein no må ha i Frankrike, ikkje er aktuelt, men vil heller ha eit tydelegare regelverk.