– Können Sie schon was sagen?
Tyskland er eit viktig økonomisk og kulturelt samarbeidsland for Noreg. Men stadig færre studerer tysk, og vi kan sjeldan språket godt nok til å bruke det effektivt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noreg og Tyskland har mange samarbeid, både av kulturell og økonomisk art. Samstundes studerer stadig færre nordmenn tysk, og universiteta i Noreg skjer ned på tilbodet og talet på undervisningstilsette. Det er òg langt færre nordmenn som studerar i Tyskland no enn for 20 år sidan: I dag er det om lag 200 studentar som tek ein heil akademisk grad i Tyskland, mot 1000 studentar i 1992, viser tal som Språkrådet opererer med.
– Vi bør prioritere engelskopplæring
Daniel Nygård er ein av dei 200 som studerar på ein grad i Tyskland, der han les seg opp på Statsvitskap ved Universitetet i Mannheim. I ein kronikk på Studentmeninger.no meiner han at den skuleringa nordmenn får i tysk som tredjespråk på ungdomsskulen og vidaregåande, knapt held til å bestille seg mat i Tyskland. Han meiner ein bør satse på å gi nokre få personar spesialkompetanse i språket, heller enn å gi alle elevar dugleikar på lågaste nivå:
– Dei fleste vil heilt fint klare seg med engelsk både i yrkeslivet og privat. Det er ikkje lenger slik at unge tyskarar og franskmenn ikkje snakkar engelsk, tvert imot blir kunnskapane betre og betre. I staden for fleire timar i veka med fransk og tysk, bør vi prioritere engelskopplæring, skriv Nygård.
LES OGSÅ: Arbeidsgjevarar slit med å tilsette høgt nok kvalifiserte folk.
Tysklandsstudenten opplevde sjølv at dei kunnskapane han hadde etter fem års opplæring ikkje dugde til noko som helst då han skulle studere i utlandet:
– Då eg flytta til Tyskland for å studere for tre månader sidan, vart eg plassert på nest lågaste nivået på det førebuande språkkurset – trass i at eg hadde fem år med tyskundervising frå skulen. Det fekk meg til å innsjå kor feilslått den norske satsinga på framandspråk er, seier Nygård i kronikken.
Frå i år av vil elevar på vidaregåande få ekstrapoeng ved opptak til høgrare utdanning viss dei fordjupar seg i andre framandspråk enn engelsk. Nygård hevdar det ein lærer på vidaregåande ikkje er godt nok, slik situasjonen er i dag.
– Noreg har ikkje råd til å kaste bort skuletimar frå ein avgrensa timeplan for at vi skal sjarmere dei innfødde med innøvde gloser på ferietur i Europa, hevdar han på Studentmeninger.no.
LES OGSÅ: Ingen fare for Erasmus-studentar
– Aukande interesse, ikkje minst i næringslivet
Kristian Janns er for tida åleine om å undervise i tysk litteratur på Universitetet i Oslo, etter nedskjæringar den siste tida. Han meiner behovet for god tyskkompetanse i næringsliv og ellers i samfunnet likevel går hand i hand, og at tyskarar og nordmenn har eit felles mål når det gjeld kulturell utveksling og økonomisk samarbeid.
– Vi tilfredsstiller mange behov ved å undervise i tysk på skolen og universitetet. Eg merkar med glede aukande interesse og entusiasme blant studentane mine og også i samfunnet elles, ikkje minst i næringslivet, seier han i ein artikkel i nyaste Språknytt.