Yrket mitt: Anna (28) er komponist
Det kjennest ganske utruleg å høyre nokre av dei beste musikarane i Noreg spele musikk du har laga, men som komponist må ein også bu seg på mykje hardt arbeid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Anna Berg laga låtar i fleire år, før ho vart introdusert for komposisjon gjennom ein lærar på musikkhøgskulen.
– Då var det som om ei ny verd opna seg for meg og eg har ikkje sett meg tilbake sidan.
28-åringen frå Kolbotn komponerer først og fremst musikk for mindre orkester, kor og verk for solistar og duettar og jobbar som frilansar.
Ingen vanlege arbeidsdagar
I ein e-post til Framtida.no fortel ho at ho ikkje hadde så mange forventingar til korleis yrkeslivet som komponist ville bli, fordi ho ikkje visste kva ho gjekk til.
I dag veit ho at det ikkje finst vanlege arbeidsdagar i dette yrket.
– Det er berre uvanlege arbeidsdagar med spanande og variert innhald. Eg startar vanlegvis å jobbe ved 9-tida og sluttar ved 21-tida.
– Førebudde utdanninga deg på yrket?
– Absolutt. Kandidatstudiet i komposisjon ved Norges musikkhøgskole er ei meget god grunnutdanning og eg anbefalar alle som ynskjer å bli komponistar å prøve å få ein plass der.
I 2019 starta ho Ensemble 3030, på Norges musikkhøgskole. I ensemblet samlast instrumentalist-, dirigent- og komponist-studentar for å få meir erfaring med å framføre, formidle, tolke og lage ny musikk for større ensemble.
Forventingar om gratisarbeid
Berg synest at det aller beste med jobben er at det kjennest nytt kvar dag.
– Kva er det mest utfordrande?
– Ulønna administrasjon, forventningar om mykje gratisarbeid og låge bestillingshonorar.
Dette er også ei feiloppfatting ho trur folk har til yrket generelt.
– Folk trur ofte at eg kan og vil jobbe gratis, det er nok den største feiloppfatningen folk har om yrket mitt. Som komponist handlar det om å få verkbestillingar frå musikarar og ensemble, men det er mange som ikkje veit korleis ein bestiller. Mitt tips her er: Spør ein komponist. Dei svarar gjerne.
Her kan du høyre ein av komposisjonane til Berg:
– Ganske utruleg
28-åringen fortel at dette yrket passar best for alle som vil lage musikk, som har gode idear og som vil jobbe hardt.
– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?
– Ta timar hos ein god komposisjonslærar, ta eit studieår med komposisjon på Toneheim folkehøgskole (den einaste folkehøgskulen med komposisjonslinje i Noreg) og søk deg inn på utdanninga ved Norges musikkhøgskole.
Når ho skal trekke fram det mest utrulege ho har opplevd på jobb, kjem kjærleiken for arbeidet tydeleg fram:
– Å sitte på ei øving, sjå utover rommet og høyre nokre av dei beste musikarane i Noreg spele musikk eg har laga. Dét kjennest ganske utruleg.
Draumen for framtida er å få halda fram å komponera musikk for utøvarar både i Noreg og utlandet.
- Les også: Yrket mitt: Gunvald (26) er dirigent
Anna Berg
Alder: 28
Frå: Kolbotn
Yrke: Komponist
Utdanning: Kandidatstudiet i komposisjon ved Norges musikkhøgskole, musikkvitskap og språkstudiar ved Universitetet i Oslo