Praksis i grenseland

Sjukepleiarstudentane Beate Marie Gravdal og Lasse Engebretsen tok eit djupdykk i estisk psykiatri.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kom og få kake og kaffi, roper praksiskonsulent Herdis Rangnes.

Kantina i dei nye lokala til Høgskolen Diakonova i Oslo er kveldstom, med unntak av gjengen som sit rundt langbordet. Gulrotkake og sjokoladekake står på plastduken. Dei snart uteksaminerte sjukepleiarstudentane gomlar kake, drikk kaffi og utvekslar erfaringar i eit etterlengta avbrekk frå bacheloroppgåvene.

Praksiskonsulent og lærar Herdis Rangnes har samla studentar som har hatt praksis i Estland, studentar som snart skal leggje ut på same ferd, og sjukepleiarar frå Estland som er komne til Noreg.

Plasthanskar og estiske gloser

– Kanskje vi bør ta med nokre esker med plasthanskar, føreslår Andrea Bakkevold (22).

Mia K. Johansen (21), J. Martine Johannessen (27), Sophie Kristiansen (21) og Ida M. Karterud (21) nikkar samtykkjande. Dei forsvinn inn i ein diskusjon om plasthanskeforbruk og hygiene.

LES OGSÅ: Med sjukehusstrid i bagasjen

Sidan 2006 har Høgskolen Diakonova sendt sjukepleiarstudentar til den estiske grensebyen Narva, for å ha praksis i psykiatri og heimesjukepleie.

Om nokre veker er det Andrea og medstudentane hennar sin tur. Frå dei førre praksisstudentane har dei fått innblikk i noko av det som ventar. Som at sjukepleiarar i Noreg har eit mykje høgare forbruk av plasthanskar enn estiske sjukepleiarar, til dømes. Eller at kommunikasjon kan vere ei utfordring, når ein skal ta seg av russisk- eller estisktalande pasientar.

– Eg har allereie lært meg nokre estiske gloser, fortel Sophie entusiastisk.

– Eller ”hei” og ”ha det” i alle fall, ler den komande sjukepleiaren.

Studentane er godt i gang med førebuingane. I ei eiga Facebook-gruppe oppmodar dei bedrifter og privatpersonar til å donere utstyr og pengar, som dei skal gi til sjukehuset og pasientane i Narva.

– Vi er veldig spente. Denne praksisen blir nok utruleg lærerik, trur Sophie.

– Vi er kanskje litt bortskjemte i Noreg. Praksisen i Narva blir ein fin måte å både lære og lære bort på, seier Andrea.

I grenseland

Narva ligg ved den russiske grensa i nord-austlege Estland. Her snakkar nitti prosent av innbyggjarane russisk. Berre nær halvparten har estisk statsborgarskap. Litt over 30 prosent er russarar på papiret, medan tjue prosent har anna statsborgarskap.

LES OGSÅ: Til sjansane me tok og minna me fekk

Økonomiske og sosiale problem pregar Narva. Dei siste ti åra har dessutan byen, som er den tredje største i Estland, vore hardt råka av HIV-viruset. Mellom 150 og 200 nye tilfelle vert registrert årleg blant dei kring 65.000 innbyggjarane.

Ifølgje nettsidene til Høgskolen Diakonova ber helsevesenet preg av dei økonomiske utfordringane, og sjukehuset i byen har langt dårlegare standard enn norske sjukehus. Gjennom samarbeidet med sjukehuset i Narva håpar den norske høgskolen å vere med og betre situasjonen for pasientane.

Store skilnader

På Høgskolen Diakonova er Beate Marie Gravdal (23) og Lasse Engebretsen (29) blant studentane som har teke ein pause frå bacheloroppgåvene sine. I vår arbeidde dei i Narva i fire veker. I sekken hadde dei med klede, medisinsk utstyr og pengar som dei hadde samla inn på førehand.

– Vi flaug i éin time for å komme til Narva og møtte eit ganske anna helsevesen enn vi har i Noreg. Kontrastane er store, fortel Lasse.

–Narva er ei slags gråsone mellom Estland og Russland, og helsevesenet ber preg av det. Sjukehuset hadde lite ressursar. Bemanninga var låg og dei mangla mykje utstyr, seier Beate.

LES OGSÅ:Rekordmange studerer utanlands

Saman med dei andre studentane arbeidde Lasse og Beate på psykiatrisk avdeling og pleieavdelinga ved sjukehuset. I tillegg var dei i heimesjukepleien og dei underviste hjelpepleiarar og ufaglærte.

Ein annleis kvardag

Sjukepleiarstudentane merka skilnadene på kroppen. Ikkje berre var språket ei hindring, som har gjort Lasse og Beate drivne i å tolke gestusar og ansiktsuttrykk. Også måten sjukepleiarane arbeidde med pasientane var annleis.

– Det er viktig å hugse at sjukepleiarane i Narva arbeider under heilt andre tilhøve enn vi gjer i Noreg, seier Lasse.

Beate er einig. For sjukepleiarstudentane kunne praksisen i Estland somme gongar vere utfordrande.

– Ofte var det vanskeleg å få greie på kva diagnose pasienten eigentleg hadde. Medisinering vart òg mykje brukt, for at pasientane skulle halde seg rolege. Slike ting er vi strengare på heime, fortel dei.

(saka held fram under bildet!)

SKILNAD: Sjukehuset i Narva har langt dårlegare standard enn norske sjukehus, og manglar både personale og utstyr. Foto: Privat.

Fekk vere ein ressurs

Når sjukepleiarstudentane har praksis i Noreg skal dei vere studentar. Då dei kom til Narva vart det annleis.

– I Narva var dei meininga at vi skulle vere ein ressurs. Vi lærte kanskje ikkje så mykje om psykiatri, sidan helsevesenet er så annleis enn i Noreg, men vi fekk nytte av det vi har lært tidlegare i studiet, fortel Beate.

LES OGSÅ:Uroa over dyre utanlandsgrader

I den underbemanna kvardagen til estiske sjukepleiarar kan det bli lite tid til pasientane. Dei norske sjukepleiarstudentane fekk demme opp for noko av tids- og ressursmangelen.

– På sjukehuset var det kring fire tilsette på jobb for å ta seg av tjue pasientar. Då går mesteparten av tida til stell, mat, medisinering og andre praktiske gjeremål. Vi hadde moglegheit til å drive miljøarbeid og gje omsorg i tillegg, fortel Beate.

Lærdom for livet

Om nokre månader er Beate og Lasse ferdig med sjukepleiarstudiet. Sjølv om dei ikkje trur erfaringane dei gjorde seg i Narva vil vere direkte nyttige i arbeidslivet heime i Noreg, ser dei på praksisen som ein lærdom for livet.

– Eit slikt opphald er noko alle burde få med seg. Ein får andre perspektiv og lærer mykje som menneske. Vi fekk både lære og hjelpe på same tid. Det er sunt, meiner Beate.

Lasse er einig.

– Eg vil råde alle til å vere med på ein slike type praksis. Det er spanande, lærerikt og kjekt, seier han.

Les meir om utveksling her!