Jubel for CO2-ordning

I ei pressemelding frå regjeringa i tysdag føremiddag blir det endeleg gjort klart at den mykje omtala CO2-kompensasjonen blir etablert.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Formålet med ordninga er å hindra at norsk industri flyttar verksemd til land med ein mindre aktiv klimapolitikk.

– Vi vil leggja til rette for ei god utvikling for norsk industri, uttalar statsminister Jens Stoltenberg i pressemeldinga.

– Dette er gode nyhende i arbeidet med å skaffa Søral nye kraftavtalar. Vi har fått beskjed om at regjeringa vil nytta seg av heile handlingsrommet innan CO2-kompensasjon som regjeringa har til rådvelde, seier leiar for Husnes Kjemiske Fagforening, Ørjan Normann.

Han håpar nyhendet vil vera med på å gi Søral levelege rammevilkår.

LES OGSÅ: Hydro trugar med å flagga ut

– Vi vil få om lag 55 prosent kompensasjon for CO2-påslaget på kraftprisen. Framleis vil vi ha igjen avgifter som konkurrentar i Kina, Australia, Canada og mange andre stader ikkje har. Her må næringsminister Trond Giske på banen og nytta posisjonane staten har i Hydro og Statkraft, meiner Normann.

Han rosar regjeringa og dessutan ordførar Synnøve Solbakken for arbeidet med å få kompensasjonsordninga på plass.

LES OGSÅ: Vil bruka milliardar på Hydro

– Svært gledeleg
Solbakken er òg også svært glad for innhaldet i meldinga frå regjeringa.

– No har vi venta i tre år på denne avklaringa. Med denne viktige brikken på plass, vil det blir lettare før Søral å få nye kraftavtalar.

LES SAKA I KVINNHERINGEN!