Vil bruke milliardar på Hydro
Næringsministeren lovar milliardar av kroner, dersom Hydro vil investera i Fastlands-Noreg. I praksis vil det seia Høyanger, Årdal og kanskje Karmøy.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me har forventningar om at Hydro skal satsa på industriutvikling i Noreg. Då står me også klar med pengar, seier Trond Giske til Klassekampen i dag.
Saman med LO-leiar Roar Flåthen, varslar næringsministaren at staten er viljug til å bruka store pengar på å sikra norsk industri. Dei raudgrøne har hittil investert 58 milliardar kroner i statseigde selskap, og no kan ytterlegare investeringar i milliardkklassen vera på veg, melder avisa.
LES OGSÅ: Staten knuser dei private
Føresetnaden er at selskapa syner vilje til å satsa på norske arbeidsplassar.
– Staten må vera ein like kravstor eigar som private. Me har vore for redde for å styra dei statseigde selskapa for å sikra norsk industri, seier Giske til Klassekampen.
Kva meiner du? Er det på tide å stilla større krav til statseigde selskap?