Byfolk meiner dei er mest tolerante
Folk i byane meiner dei er meir opne og tolerante enn folk som bur på landet, viser undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er Sentio som på vegner av Nationen har spurt folk kor samde eller usamde dei er i påstanden: Folk som bur i byane er meir opne og tolerante enn folk som bur på landet. I Oslo er 47 prosent samde, medan det på landsbygda er 30 prosent som meiner det same.
Nestleiar Mari Linløkken i Antirasistisk Senter seier til avisa at individuelle forskjellar er mykje større enn geografiske.
Les òg: Minst tolerant i Nord-Europa