Minst tolerant i Nord-Europa

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Canada er på det mest tolerante landet i verda, ifølgje OECD, i rapporten Society at a Glance frå 2011. Det nordamerikanske landet blir tett følgt av Australia og New Zealand. Alle dei nordiske landa er på dei sytten øverste plassane på lista.

Det har vore lita endring i toleransen i verda generelt sett dei siste åra, men i enkeltland har endringane vore store. Frankrike, Slovenia og Austerrike har hatt stor auke i toleranse, medan land som Italia, Tyrkia og Mexico har hatt massivt fall i toleransenivå.

Noreg og Finland er klart minst tolerante i Nord-Europa, men desse to landa har og den største veksta i toleranse dei siste åra (vekst på tre og fem prosent, samanlikna med til dømes Sverige som ikkje har vekst i det heile).

Toleransen blir måla opp mot korleis folk har inntrykk av at minoritetar har det i samfunnet dei bur i, minoritetar blir her rekna som etniske minoritetar, framandarbeidarar og homoseksuelle.

Kamp mot rasisme viktig
– Vi må kunne både gle oss over at vi har lite rasisme i Noreg, og samstundes kjempe mot den vi har. Det er framleis mykje vanskelegare å få jobb i Noreg om namnet avslører at foreldra dine ikkje er fødd i Noreg, det er framleis akseptert å handsame rumenarar som ei gruppe der alle er like og alle er uønska, og det er framleis mange som i fullt alvor hevdar at muslimar har ei samansverjing for å ta over verda, seier Elisabeth Løland, leiar av KrFU, i ein kommentar til Framtida.

QUIZ: Kva veit du eigentleg om innvandring?

– Rasisme er veldig alvorleg for dei som opplever å bli handsama dårleg, og skadeleg for samfunnet. Det ville ha vore eit svik mot medmenneska våre å seie at no har vi passe mykje rasisme, vi gjev opp å bli betre berre av di det finst mange som er dårligere enn oss. Jeg tror også at kampen mot rasisme må skje hele tiden. Om vi slappar av og lukkar augo kjem ho til å vekse, avsluttar Løland.

Les òg: Folk likar innvandrarar betre etter 22.juli.