Natur og Ungdom om klimapakken: – Som spytt i havet
Natur og Ungdom meiner den grøne tiltakspakken til regjeringa er for alt for liten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa fredag fram ei satsing på 3,6 milliardar kroner som skal få fart på det grøne skiftet.
– Det er som eit spytt i havet samanlikna med kva anna næringsliv får. Det er alt for lite og alt for lite målretta, seier NU-leiar Therese Hugstmyr Woie på telefon til Framtida.no.
Ho meiner pakken manglar mykje for å skapa nok framtidige grøne arbeidsplassar.
Therese Hugstmyr Woie meiner vedlikehald og energieffektivisering av bygg, vedlikehald av tog og meir pengar til toginvesteringar kan gi fleire grøne arbeidsplassar.
Set krav til industrisatsing
Klimastiftinga ZERO helsar velkommen auken i støtta til Enova på to milliardar kroner. Enova deler ut støtte til fleire klimatiltak. ZERO meiner at ei auka løyving til Enova bør forsterka klimaarbeidet på to område.
– For det første bør Enova løfta store industrielle prosjekt som til dømes flytande havvind og nye verdikjeder for hydrogen. Her må Enova jobba tett med industrien for å realisera store prosjekt dei neste åra. Enova bør òg oppretta mellombelse støtteordningar for tiltak som både kan få fart i økonomien og som bygger ut infrastruktur for lågutsleppssamfunnet. Døme er auka støtte til energitiltak i bustader og utbygging av lade- og fyllestasjonar for el, biogass og hydrogen for tungtransport, seier dagleg leiar Marius Holm i ei pressemelding.
Her er tiltaka i den grøne pakken til regjeringa:
- 2 milliardar til Enova
- 1 milliard kroner over tre år til ei såkalla grøn konkurranseplattform der Forskingsrådet får 192 millionar kroner, Innovasjon Noreg 102,5 millionar kroner og Siva 38,5 millionar kroner.
- 600 millionar til andre grøne tiltak