18-årige gründarar manar til straumsparing

I eitt år har Tarald Nordfonn og Ronny Misini planlagt korleis dei skal få ned straumforbruket hos nordmenn.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil tena på straumsparing

 Noreg er blant dei landa som har lågast straumpris. Samstundes er me blant dei landa som brukar mest.

– Mange kunne nok spart tilnærma halvparten av den straumen dei brukar i dag, seier Tarald Nordfonn.

Gründerane er opptekne av energieffektivisering, men er klare på at straumsparinga ikkje skal gå utover komforten.

Planla i eitt år
– Men du skal ikkje måtte skru ned varmen og frysa for å spara straum, legg Nordfonn til med eit smil.

I april stifta dei to 18-åringane aksjeselskapet Seneco etter nærare eitt år med planlegging. Etter mykje papirarbeid er dei glade for å ha fått alt på plass.

– Eg har i det minste fått trena meg på å skriva under på papir, seier Misini og ler.

– Det er viktig å ha tunga rett i munnen, legg Nordfonn til.

LES OGSÅ: Mindre utslepp trass vekst

Hovudoppgåva til firmaet er å hjelpa anten private husstandar eller bedrifter med å redusera energibruken. Dette ynskjer dei å oppnå gjennom energieffektivisering, energisparing og fornybar energi.

– Mange bedrifter har vore innom denne problemstillinga, men det finst ingen som har spesialisert seg på det området. Dette er ein av grunnane til at me starta opp, legg dei til.

Haldningsendring
Misini og Nordfonn meiner straumsparing er noko alle kan få til, men at oppfatninga av at det er tungvint og dyrt er seigliva.

– Det handlar veldig mykje om haldningane til folk, og mange trur det er vanskeleg og dyrt å spara straum, fortel Nordfonn.

– Det største problemet er at folk ikkje er klar over kor mykje dei faktisk kan spara med berre nokre få og enkle grep, legg Misini til.

Dei meiner tiltak som sparepærer og sparedusj er viktige, men har også fleire løysingar som dei vonar vil bli like vanlege etter kvart.

– Me sel til dømes varmegjenvinnar for dusj som nyttar varmtvatnet som renn ut av sluket til å varma opp nytt vatn. På denne måten sparar ein kostnader ved oppvarming av varmtvatn, fortel Nordfonn.

Framleis er mykje av den teknologien som finst kostbar, men gutane vonar at dette vil endra seg.

LES OGSÅ: Krev ENØK-hjelp til ungdomshus

– Den teknologien som er på marknaden gir større moglegheiter for å spara, men mykje av det er framleis veldig dyrt. Me ynskjer å jobba mot slike løysingar med overkommelege prisar, seier Misini.

Høgt forbruk
Grunna den låge straumprisen her til lands har det vorte lite merksam på energibruk, noko som igjen har ført til høgt forbruk.

– Fleire av våre europeiske naboar har komme mykje lenger enn oss når det gjeld energisparing. Dei har vore nøydde til det grunna høge straumprisar, fortel Misini.

Og med stadig aukande energibehov på verdsbasis er det ikkje tvil om at det nyoppstarta firmaet går ei lys framtid i møte.

– Ifølgje dei nye byggjelovane skal alle nybygg ha passiv husstandard, noko som betyr at dei må liggja under eit visst energinivå, fortel Misini.

– Dette er eitt av områda me kan arbeida med, seier Nordfonn.

Dei nyetablerte gründerane er framleis i oppstartfasen, men håpar etter kvart på å utvida bedrifta. Allereie har dei fått fleire oppdrag, og arbeidet byrjar så fort dei får delane i posten.

– Me satsar på full rulle i løpet av den neste veka, seier gutane med eit smil.

LES SAKA hos Sunnhordland.no