Stortinget inviterer barn og unge til digitale møte
På eit vanleg år besøker mellom 15.000 og 20.000 barn og unge Stortinget, men besøkstilbodet bråstoppa midt i mars som følgje av tiltak mot koronasmitte. No kan lærarar bestille stortingspresidenten til digitale møte to gongar i veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det digitale konseptet «Spør stortingspresidenten» er noko stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen har gjort éin skuletime i veka sidan i haust, og no blir det tatt opp igjen etter ein pause på grunn av korona-pandemien.
Det er eit tilbod til skuleklassar frå 5. trinn på barneskulen til og med tredje klasse på vidaregåande skule.
– Litt annleis samfunnsfagtime
– Dette blir ein annleis samfunnsfagtime. Elevane kan spørje meg om stortingskunnskap, demokratiet, livet som stortingspolitikar og stortingspresident, eller det kan vere noko heilt anna, seier Trøen i ei pressemelding.
Ho har allereie fått fleire hundre spørsmål frå barn og unge i det digitale klasseromstilbodet. No gler ho seg til å møte mange fleire nysgjerrige barn og unge via skjerm i tida framover.
– Noko av det eg likar best med jobben min
– Barn og unge er ei viktig målgruppe for Stortinget, og vi saknar å ha dei på huset. Det er av stor betyding å starte demokratiopplæring tidleg for å få engasjerte samfunnsborgarar i framtida. Å møte barn og unge er noko av det eg likar best med jobben min som leiar for Stortinget, seier Trøen.
Det blir òg jobba med å finne endå fleire løysingar som gjer at barn og unge kan få møte Stortinget når det ikkje skjer fysisk.