Her er dei best i sidemål

Elevane i grunnskulen i Sogn og Fjordane tronar på sidemålstoppen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førebelse tal frå eksamen i grunnskulen våren 2012 viser at sidemålskarakteren til elevane i Sogn og Fjordane er nesten ein halv karakter betre enn landsgjennomsnittet.

Til eksamen i grunnskulen våren 2012 vart det vurdert og sett karakter på i overkant 2100 elevar i Sogn og Fjordane, fortel Firda.

Avisa skriv at resultatet for Sogn og Fjordane ifølgje den førebelse karakterstatistikken til Utdanningsdirektoratet jamt over er betre enn landssnittet. Men norsk sidemål peiker seg ut, der ligg snittkarakteren i Sogn og Fjordane på 3,7, medan landsgjennomsnittet er 3,3.


Er du god i sidemål? Prøv deg på bokmålsquizen vår!