Miljøgift gjev lågare fødselsvekt
Mor sitt nivå av miljøgifta PCB, som finst i feit fisk, påverkar bornet si fødselsvekt. Det kan få følgjer for helsa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gravide med høge nivå av PCB i blodet får born med lågare fødselsvekt, skriv Forskning.no. Høge nivå av PCB skuldast som regel inntak av feit fisk.
– Paradoksalt nok kan låg fødselsvekt føre til overvekt på sikt, seier Merete Eggesbø, lege og forskar ved Folkehelseinstituttet, til Forskning.no.
LES OGSÅ: Even venta i fire år
Stor studie i Europa
Det var i snitt 150 gram skilnad i fødselsvekta på born i studia, avhengig av om dei var utsett for høge eller låge nivå av PCB under svangerskapet.
Ein skilnad på 150 gram i seg sjølve er ikkje dramatisk. Men lågare fødselsvekt kan påverke bornet si framtidige helse.
Både å bli født mindre eller større enn snittet, ser ut til å vere ein risikofaktor for seinare overvekt. Særskilt har det å bli født litt liten for deretter å vakse raskt, vist seg å vere ein tidleg risikofaktor for å seinare utvikle overvekt.
Funna er gjort i ei stor europeisk metanalyse, som omfattar nær 8000 born og i alt 15 studiar i fleire europeiske land. Morsmelkstudien ved Folkehelseinstituttet er inkludert i studien.
Som om mor røykjer
– Den negative effekta kan samanliknast med at mor røykjer, seier Eggesbø, som leia Morsmelkstudien.
– Nyare forsking tydar på at fleire ulike miljøgifter kan spele ei rolle i overvektepidemien i verda. Denne studien indikerer at også PCB kan vere ein del av biletet, sjølv om resultata treng å stadfestast i fleire studiar. Nøyaktig korleis alt heng saman, kan vi heller ikkje svare på endå, held Eggesbø fram.
Den vanlegaste kjelda til PCB i Noreg er feit fisk, som sild, makrell, kveite, laks og ørret. Å avgrense inntaket av feit fisk og andre marine produkt er dermed det einaste mor kan gjere for å beskytte fosteret og det amma bornet, ifølgje Folkehelseinstituttet.