Éin av tre synest koronareglane er uklare
Styresmaktene har knesett fleire retningslinjer for å hindre smitte av koronaviruset. Éin av tre nordmenn synest det er vanskeleg å vite om dei følgjer dei.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga er gjennomført av Norsk koronamonitor i Opinion, og 5.000 nordmenn har vorte spurde i ein tidagersperiode.
33 prosent svarte at det er vanskeleg å vite om retningslinjene gjeld dei sjølv. 47 prosent svarer at det ikkje er vanskeleg, medan 20 prosent svarer verken eller.
– Ein skulle tru at stadig fleire nordmenn forstår og klarer å praktisere retningslinjene til styresmaktene over tid. Men samtidig ser vi at retningslinjene blir endra frå regjeringa, helsestyresmakter og i ulike kommunar, påpeikar seniorrådgivar Ola Gaute As Askheim i Opinion.
Er det vanskeleg å vete om retningslinjene gjeld deg?
Er det vanskeleg å vete om retningslinjene gjeld deg?
- Les også meiningsinnlegget frå skribent Emilie Hansen som studerer i Barcelona: «Kor lenge vil portforbodet vare? Når får eg sjå vennane mine igjen?»
Vanskelegast for eldre
Førre veke tilrådde styresmaktene å halde avstand på to meter innandørs, og dessutan å unngå grupper på meir enn fem personar utandørs.
I undersøkinga kjem fram det at det i større grad er eldre som synest det er vanskeleg å halde seg oppdatert på retningslinjene til styresmaktene.
– For mange eldre kan det vere vanskeleg å følgje med på tempoet, og livslang erfaring er heller ikkje til hjelp i dagens koronasituasjon for eldre menneske, seier Askheim.
Dei som bur åleine, seier i større grad enn dei som bur i ein større husstand, at det er vanskeleg å vite kva retningslinjer som gjeld.
- Les også om korleis desse fire taklar den nye kvardagen: – Det byrjar å skli litt ifrå kvarandre