Knivar om fleire bustadar

Studentleiar i Trondheim rosar Forbrukarrådet for krav om fleire studentbustadar.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er glimrande at fleire kjem med på laget. Situasjonen for studentbustadar er særs problematisk, seier leiar for Velferdsstinget i Trondheim, Ola Magnussen Rydje.

Eit knappheitsgode
Denne veka har Forbrukarrådet kasta seg inn i debatten om studentbustadar. Direktør Randi Flesland oppmodar kommunaldepartementet til å gå i dialog med studentmiljøa i tettstadane om bygging av fleire bustadar for studentane.

– Dystre rapportar Forbrukarrådet har henta inn frå byar med lærestader fortel om ein skrikande mangel på studentbustadar. Desse hyblane er dyre og vanskeleg å få tak i, i første rekke i universitetsbyane, skriv Forbrukarrådet.

LES OGSÅ: Så mykje får studentane i 2012

Resultatet er at studentar vert pressa til å akseptere leigetilhøve som er dårlegare enn ønskjeleg. I tillegg aukar presset mot andre grupper som må leige bustad.

Over tre tusen i kø
I Trondheim tek leiar for Velferdsstinget, Ola Magnussen Rydje, varmt imot innspelet frå Forbrukarrådet.

– Presset på leigemarknaden i det prissegmentet studentar held seg i er enormt i Trondheim, seier han.

Studentbyen Trondheim har ein av dei mest pressa leigemarknadane i landet. Berre ti prosent av dei norske studentane bur i studentbustad. Målet til regjeringa er tjue prosent. Ifølgje hybel.no har gjennomsnittleg leigepris for hybel eller rom i kollektiv i Trondheim stige med 9,5 prosent sidan i fjor. I Bergen er det tilsvarande talet 6,4 prosent, medan leigeprisane i Oslo har stige med 5,5 prosent.

Ifølgje Cathrine Kristiansen i Studentsamskipnaden i Trondheim står 3380 studentar på venteliste til studentbustad i Trondheim. I laupet av våren har kring tusen studentar fått tilbod om bustad, og 500 har takka ja. Søkartala i februar, mars og april var dobbelt så høge som på same tid i fjor.

– Vi rådar studentar til å bruke kanalar som hybel.no og finn.no for å leite etter bustad eller annonsere sjølv. Skaff deg eit Trondheims-kart og få oversikt over kollektivtilbodet. Ein bustad som ligg ein busstur unna campus eller sentrum er ofte både billegare og enklare å finne, seier Kristiansen.

Og studentar på bustadjakt bør ikkje ligge på latsida.

– Det løner seg å vere aktiv no. Om tre veker, når Samordna opptak er ferdig med opptaket, er fleire tusen andre studentar i same marknad, seier Kristiansen.

LES OGSÅ: Far bestemmer sjansen for å lukkast

Store konsekvensar
– Konsekvensane er mykje større enn at studentar slit med å finne seg bustad, seier Magnussen Rydje i Velferdsstinget.

Ikkje berre kan stram studentøkonomi gå utover studiekapasiteten, men presset på leigemarknaden skyv prisane oppover.

– Andre grupper som er like fattige som studentane og leiger i same prisklasse, som minstepensjonistar og uføretrygda, vert ramma av det låge talet på studentbustadar, seier Magnussen Rydje.

– Dermed er det god sosialpolitikk å byggje fleire.

Må byggje meir
I likheit med Forbrukarrådet meiner Rydje at talet på studentbustadar må opp. I tillegg meiner han at støtta til bygginga frå Kunnskapsdepartementet må aukast, slik at leigeprisane kan haldast nede.

– No er det på tide å anerkjenne at det er fleire som har noko å vinne på at talet på studentbustadar går opp, seier Magnussen Rydje.

Han understrekar at Velferdstinget er glade for at det byggast tusen nye studentbustadar i året, men meiner det er på tide å gjere ein innsats om å nå målet om tjue prosent dekning.

– Tjue prosent dekning vil vere nok til å presse prisane ned på den private leigemarknaden, seier studentleiaren.

Vil satse
Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Ragnhild Setsaas seier til Nrk.no at dei vil arbeide vidare med satsinga på utbygging.

Regjeringa har  auka midlane til kring tusen studentbustadar  året. I 2011 vart bustadar tilsvarande 1222 hybeleiningar ferdigsstilt, ifølgje Nrk.no.

– Vi har over 2000 studentbustadar under oppføring. I årets fordeling av tilskota vart om lag to tredjedelar av studentbustadtilskota gitt til pressområda, skriv Setsaas i ein epost til Nrk.no.

Magnussen Rydje meiner innsatsen ikkje er god nok.

– 2000 bustadar er vel og bra, men det er langt frå nok når vi manglar 12 000 studentbustadar for å nå 20 prosent dekningsgrad nasjonalt, seier studentleiaren.