Sukker gjer deg ikkje aggressiv

16 amerikanske `blindstudium` av sukker kontra søtingsmiddel i born konkluderer med at sukker ikkje gjorde borna meir aggressive, distraherte eller engsteleg.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane, foreldra eller lærarane fekk ikkje sjå kven som fekk sukker og kven som fekk andre søtingsmiddel.

I ei studie fekk 31 gutar i alderen 5-7 år som mødrene hadde identifisert som særleg "kjenslevare for sukker" alle søtingsmiddel. Men halvparten av mødrene vart fortalt at dei vart gjeve sukker, medan den andre halvparten vart fortalt at det var berre søtingsmiddelet aspartam. Forsøket synte at mødrene som trudde borna deira hadde fått sukker rapporterte at dei var meir hyperaktive enn mødrene som kjende til at borna kom akkurat søtingsmiddel. At mødrene venta ei bestemd åtferd gjorde at dei vurderte borna sine som meir hyperaktive.

Vidare er det lite som tyder på at søtingsmiddel i seg sjølv kan gjere born hyperaktive.

Det er difor ingen grunn til å tru at sukker i seg sjølv gjer born hyperaktive.

Les òg: Sukkerskatt i Frankrike