VG: Trine Skei Grande trekkjer seg som statsråd og Venstre-leiar
Trine Skei Grande går av som Venstre-leiar og statsråd. Ho tek heller ikkje attval til Stortinget, skriv VG.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Gjennom helga har eg kome til at det beste er at nokon andre slepp til, sjølv om eg ikkje veit kven det er, seier Grande til avisa.
Førre fredag la valnemnda fram ei samrøystes innstilling der dei gjekk inn for at Grande skulle halde fram som partileiar.
Grande seier ho onsdag kjem til å ringje valnemndsleiaren for å informere nemnda om avgjerda. Stortingsgruppe vil bli orientert klokka 15, opplyser ho.
Seinare onsdag skal ho ha eit telefonmøte med sentralstyret, der dei mellom anna skal diskutere om landsmøtet i april skal utsetjast.
- Har du fått med deg korleis TIME vil bøte på tiår med berre «Årets mann»? Slik skal dei løfte fram kvinnene