Verda førebur eit siste slag mot polio

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No skal kampen vinnast

– Verda har sjansen til å utrydde polio for godt, men det kjem ikkje til å skje dersom innsatsen held fram med å vere så underfinansiert, seier Liam Donaldson, som leier kontrollkomiteen i det globale initiativet mot polio (GPEI).

Frå å vere ein frykta og svært smittsam sjukdom med fleire hundre tusen nye smittetilfelle i året på 80-talet, var talet på poliotilfelle nede i rundt 650 i fjor. Verda nærmar seg full siger.

Men GPEI manglar nesten 6 milliardar kroner, halvparten av budsjettet, for å kunne gjennomføre vaksinasjonsplanane i år og neste år.

– Vi kan enten skrive historie, eller la historia dømme oss for ikkje å ha klart å gjennomføre når vi står på terskelen, seier generalsekretær Bernt G. Apeland i UNICEF.

LES OGSÅ: 663.000.000 færre ekstremt fattige

Siste slaget
Det er i seks land det siste slaget står: Pakistan, Tsjad, Angola, Kongo, Nigeria og Afghanistan. 2,7 millionar barn har aldri blitt poliovaksinerte i desse landa, og dei er derfor framleis sårbare. Ekspertane fryktar nye utbrot og oppblomstring av sjukdommen om ikkje verda no tar seg råd til eit siste krafttak.

– Dette er barna som verda gløymde, dei veks opp utan beskyttelse mot polio medan dei fleste av verdas foreldre for lenge sidan har kunna gløyme kva polio er, seier Donaldson.

– Viss vi ikkje klarer å utrydde sjukdommen dei neste ti åra, vil polio igjen kunne bli ein vanleg sjukdom i mange land. No er det snakk om vilje, meiner Apeland.

LES OGSÅ: Patentstrid på liv og død

Siger i India
Det finst ingen kur mot polio, men vaksinasjonsprogramma har vore svært effektive. India er endeleg erklært poliofritt etter ein lang og hard kamp mot sjukdommen der det blei delt ut nesten ein milliard dosar.

– Bragda til India er avgjerande og bør verkeleg auke trua på at polio faktisk kan utryddast på verdsbasis, seier Donaldson.

UNICEF understrekar at det vil vere langt dyrare å fortsette å behandle polio enn å utrydde sjukdommen. Organisasjonen anslår at utryddinga av sjukdommen vil vere verdt 250– 300 milliardar kroner innan 2035 i reduserte behandlingskostnader og auka produktivitet, noko særleg fattige land vil nyte godt av. (©NPK)