Antivaldeleg europameistar

 Ungdomsbedrifta Nomeno gjekk heilt til topps i europeisk konkurranse om sosialt entreprenørskap. 

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med produktet “Safe and Sound” vil Nomeno UB skape ei samfunnsrøyrsle mot vald. “Safe and Sound” er ein valdsalarm og eit standpunkt. Overskotet går til Landsforeningen for voldsofre.

Best av hundre
Under ein europeisk konkurranse om sosialt entreprenørskap gjekk Oslo-elevane til topps, ifølgje Ungt Entreprenørskap sine nettsider.

LES OGSÅ: Laboratorium for velferd

Dei fem elevane konkurrerte mot hundre andre sosiale verksemder frå ti forskjellige land. Konkurransen JA-YE Europe Social Enterprise Programme er eit samarbeid mellom Ferd-konsernet og Intel Corporation. Meir enn to tusen elevar frå hundre skular har blitt inspirert til å arbeide for ei betre verd, ifølge Ungt Entreprenørskap.

Beste sosiale entreprenør
I år kunne Oslo-elevar konkurrere om å bli beste sosiale entreprenør for tredje gong under fylkesmessa for ungdomsbedrifter. Nomeno UB gjekk også der sigrande ut av konkurransen.

LES OGSÅ: Vil ha fleire studentar på bana

– Elevar i vidaregåande skule er i stand til å leie an og skape positiv endring i samfunnet. Alle dei tjuefire bedriftene som nådde fram til finalen har eit stor potensial. Dei har vore profesjonelle og synt vilje til å gjere ein forskjell seier Johan H. Andresen, som er eigar og konsernsjef i Ferd til Ungt Entreprenørskap.

Premien til dei sigrande sosiale entreprenørane i Nomeno UB er kvar sin Blackberry Playbook og ein invitasjon til EM for ungdomsbedrifter i Bucuresti i juli.