Eit dikt for alle som ynskjer patriarkatet skal falle
I høve Kvinnedagen har Karoline Einang Hasle skrive dette diktet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kven er ei kvinne?
Kanskje eit individ fylt av sinne
grunna urett over fleire år
fram til likestilling rår
Kanskje eit menneske med store planar
om å endre samfunnet sine skadelege vanar
Kva er ei dame?
kanskje nokon som ynskjer likelønn med det same
fordi patriarkatet framleis står stødig
ei samfunnshaldning som i 2020 er overflødig
Kanskje ein person med store ambisjonar
som at alle skal ha like moglegheiter vonar
Korleis er ei jente?
Kanskje ei som ikkje klarar å lenger vente
på at kjønnsnormene skal svekkast
på at samfunnet skal vekkast
om at ei jente er nøyaktig slik den vil vere
for når er det vi skal lære?
Ei jente, ei dame, ei kvinne
Det handlar ikkje om kjønnskamp og å vinne
Det handlar om å inkludere og anerkjenne
at ingen er nøyaktig som henne
Ho er ho, han, hen og oss alle
som ynskjer at patriarkatet skal falle.
Har du noko på hjarte? Send til tips(a)framtida.no.
- Les også meiningsinnlegget: «Den skal vere slank, men den skal vere formfull. Den skal vere sexy, men ikkje slutty»