Syden – det kostar så lite

Vi kan alle ofre litt. Vi kan alle gi litt. Kan vi ikkje det?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Økonomar (det er ikkje ofte eg begynner denne spalta med eit slikt ord, det skal vere visst, men i krisetider må ein vere villig til å gjere unnatak) oppfordrar oss til å feriere i dei kriseramma europeiske landa i år. Dei treng oss no. Dei treng turismen.

Og vi kan alle ofre litt. Vi kan alle gi litt. Kan vi ikkje det?

Eg veit at fjorten dagar på ei badestrand i Spania eller Hellas kanskje ikkje er det mest spennande i verden. Du hadde kanskje planar om Karibia i år? Eller safari i Afrika? Eg veit. Spania? Hellas? Been there, done that.

Kva har Syden å by på? Det er varmt. Strendene er så lange at du blir sliten av å gå på dei. Hav blir fryktelig einsformig i lengda. Sola steiker heile dagen. Ofte er det fleire meter til nærmaste restaurant.

Det er ikkje draumen. Sjølvsagt er det ikkje det. Men i år, berre denne eine gongen, kan vi kanskje ofre oss? Og spørje oss sjølve om vi ikkje kan gi såpass for å hjelpe til.

Det kostar så lite og det betyr så mykje for så mange. Kanskje kan vi også velje eit litt dyrare hotell enn vanlig? Berre denne eine gongen?

Eg veit at noko er sjarmen med Syden er borte når ein ikkje har utsikt til ein murvegg og ein norsk nachspiel-nabo. Men kanskje kan vi ofre dette akkurat i år, og bu på eit rolig og skjerma hotell med store rom og havutsikt. Ideelt er det sjølvsagt ikkje, men vi kan vel klare det, dersom det kan vere til hjelp for menneske som treng det?

Og kanskje kan vi også gå på litt dyrare restaurantar, berre denne gongen? Det handlar om å hjelpe våre medmenneske. Det handlar om å tenke på fellesskapet og spørje seg: Kan eg klare å presse i meg ein hummar?

Og klarer eg ikkje dessert også?

Du blir mett. Eg veit det. Du blir veldig mett. Men du klarer det? Ikkje sant?

Og etterpå sitt du der i ein solstol og kjenner at no hadde det smakt med noko kaldt å drikke. Vanligvis ville du då tenkt: Nei, eg orkar ikkje. Det er for mykje styr. Eg må løfte handa fleire centimeter, kanskje til og med snu meg, får å få nokon til å komme med ein cola eller ein kald pils til meg. Eg orkar ikkje.

Men i år orkar du. I år gir du litt meir. I år løftar du den handa dei nødvendige centimetrane. I år bestiller du den kalde pilsen. I år er det ditt bidrag.

Og kanskje klarer du også med litt innsats å få skvisa inn litt shopping før middag?

Og når du er på bar: Klokka er halv fire på natta. Lokalet er stappfullt. Du har ei flenge i buksa og saus på t-skjorta. Du har på deg eit rosa panneband som du ikkje er heilt sikker på kvar kjem frå. Du står på eit bord midt i rommet. Når «We are young» begynner for tolvte gong den kvelden, og heile baren bryt ut i jubel, då må du seie til deg sjølv: Eg kan vel ta ein drink til. Ein til?

Eller fire?

Det er ikkje det du har lyst til. Du har lyst til å gå ned frå bordet medan du framleis er nokolunde edru, finne den rettmessige eigaren av det rosa pannebandet, levere det tilbake og takke høflig for lånet, takke dei andre for ein trivelig kveld og gå tilbake til hotellet og komme deg i seng, slik at du kanskje også kan få noko ut av morgondagen.

Det er det du vil. Men dette handlar om å ikkje berre tenke på seg sjølv. Dette handlar om å vere eit medmenneske. Om å gi litt ekstra, sjølv om det kostar. Du veit at det er akkurat denne drinken som kan øydelegge heile kvelden, og heile dagen etter, men i år sett du dine eigne behov til side og tenker på Euro-sonen.

I år tek du den hummaren. I år tek du den shoppingturen. I år tek du rommet med havutsikt. I år tek du den ekstra drinken.

I år gir vi alle litt meir. Sjølv har eg strekt meg langt. Eg har brukt eit ord eg aldri elles bruker i denne spalta: Økonomar.

Så eg har i alle fall gjort mitt. Og vel så det.

Denne artikkelen stod på trykk i Aftenposten 16. juni.

 

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!