Navarsete: – Rustar oss til valkamp

Sp-leiar Liv Signe Navarsete seier statsrådsskiftet måndag inneber at partiet rustar seg til valkamp før hausten 2013.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har sidan vi vann valet i 2009 ønskt ei jamleg fornying av regjeringsapparatet vårt. Vi gjorde viktige endringar i fjor vinter, og med avsluttinga av stortingsåret er det no eit naturleg tidspunkt å ruste seg meir opp før valet, seier senterpartileiaren.

Måndag fekk samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og landbruksminister Lars Peder Brekk avskjed i nåde i eit ekstraordinært statsråd. Dei vert erstatta av høvesvis Marit Arnstad og Trygve Slagsvold Vedum.

– Med desse to i regjering får vi ny kraft og nye idear inn i departementa. Meltveit Kleppa og Brekk vil samtidig styrkje arbeidet i Stortinget. Med denne totalkabalen får vi gjennomført endå meir Sp-politikk i det viktige året som kjem, seier Navarsete.

Marit Arnstad er tidlegare stortingsrepresentant, parlamentarisk leiar og olje- og energiminister. Ho har dei siste åra jobba som advokat og hatt ei rekkje viktige styreverv. Trygve Slagsvold Vedum har vore parlamentarisk leiar, nestleiar i Senterpartiet, leiar av programkomiteen og er inne i sin andre periode på Stortinget. (©NPK)