Greta Thunberg blant 317 kandidatar til Nobels fredspris

Greta Thunberg er blant dei 317 kandidatane som er nominerte til Nobels fredspris for 2020.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre tre gonger før har det vore fleire nominerte, opplyser Det Norske Nobelinstitutt. 210 av dei er personar, medan 107 er organisasjonar.

Det vart nyleg kjent at klimaaktivisten Greta Thunberg er nominert av dei to svenske parlamentarikarane Jens Holm og Håkan Svenneling, begge frå Vänsterpartiet.

– Thunberg har jobba hardt for å få politikarane til å opne auga for klimakrisa, heiter det i grunngivinga. 17 år gamle Thunberg har sjølv gitt uttrykk for at merksemda i staden bør rettast mot andre klimaforkjemparar.

Om Greta Thunberg får prisen i år, vil ho likevel ikkje vere yngre enn Malala Yousafzai som var sytten og eit halvt år då ho mottok prisen i 2014, som den yngste i verda. Tidlegare denne veka møttest dei to jentene for fyrste gong.

Greta Thunberg (17) møtte sitt førebilete Malala Yosafzai (22). Foto: Greta Thunberg/Twitter

Hongkong-aktivistar

Kandidatforslaga skal etter reglane haldast hemmeleg i 50 år. Mange røper likevel kven dei har foreslått å gjere ære på.

Fleire forslag har komme om å gi prisen til demonstrantane i Hongkong, mellom anna frå venstrepolitikar Guri Melby. Ho har grunngitt nominasjonen sin med at demonstrantane kjempar for fundamentale rettar slik som ytringsfridom, demokrati og rettstryggleik.

Også ei gruppe amerikanske kongressmedlemmer har foreslått å gi fredsprisen til Hongkong-demonstrantane, som har halde det gåande sidan juni 2019.

Assange, Snowden og Manning

Varslaren Edward Snowden har vorte foreslått i fleire år. I år er han foreslått av representantar frå venstrepartiet Die Linke i Tyskland, saman med WikiLeaks-grunnleggjaren Julian Assange og Chelsea Manning, etterretningsoffiseren som bidrog med å leke hemmelege dokument.

Nobelkomiteen vurderer alle innkomne nominasjonar før det blir laga ei kortliste med dei mest interessante og verdige kandidatane. Det er dei faste konsulentane til Nobelkomiteen som saman med eit utval norske og utanlandske ekspertar går gjennom kortlista.

Kven som får prisen, blir kunngjort i starten av oktober.

Nobelkomiteen før eit komitémøte på møterommet i Nobelinstituttet. F.v.: Thorbjørn Jagland, Henrik Syse, Berit Reiss-Andersen (leiar), Anne Enger, Olav Njølstad (sekretær) og Asle Toje. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK