Etiopias statsminister får Nobels fredspris for 2019

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant dei 304 kandidatane var det etiopiske Abiy Ahmed som gjekk heilt til topps og får Nobels fredspris for 2019. I alt var 219 privatpersonar og 85 organisasjonar nominerte.

Både president USAs president Donald Trump, Wikileaks-grunleggjaren Julian Assange og varslaren Edward Snowden var blant dei nominerte.

For tidleg pris?

Etiopias statsminister Abiy Ahmed (43) har vore ein av dei heitaste kandidatane på førehand.

I juli 2018, berre månader etter han tok over statsministerembetet, signerte han saman med Eritreas president, Isaias Afwerki, ein historisk fredsavtale.

Under pressekonferansen anerkjente leiar i Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen, at nokon vil meina  prisen kjem for tidleg.

– Nobelkomiteen meiner at det er nettopp no statsminister Abiys innsats fortener anerkjenning og treng oppmuntring, sa ho i talen.

Nobelkomiten håpar fredsprisen vil styrke Abiy Ahmed i hans viktige arbeid for fred og forsoning.

– Sjølv om mykje arbeid gjenstår har Abiy Ahmed gått inn for viktige reformer som gir mange innbyggjarar håp om eit betre liv og ei lysare framtid.

Etiopias statsminister, Abiy Ahmed Ali, talte i januar i år under World Economic Forum, WEF, i Davos, Sveits. Foto: Laurent Gillieron/Keystone via AP

Lovar demokratiske val

Komiteen viser til at Abiy Ahmed i løpet av det første halvåret som statsminister i Etiopia ved å oppheva unntakstilstanden i landet og gi amnesti til tusenvis av politiske fangar.

Ahmed har òg oppheva mediesensuren, legalisert opposisjonsgrupper og avsett fleire leiarar mistenkte for korrupsjon.

– Han har dessutan forplikta seg til å styrke demokratiet gjennom å halde frie og rettferdige val, understreka Reiss-Andersen.

På nettstaden Afrika.no skriv masterstudentane Daniel Sommar og Jenny Kristine Haga Nielsen at ein fredspris til Ahmed ikkje ville vore eit dårleg val, og langt i frå det mest kontroversielle i fredsprisens historie.

– Men før han har vist at demokratisering er meir enn ord, at han har evna til å møte dei alvorlege etniske spenningane internt i landet på ein konstruktiv måte og til å oppretthalde eit stabilt og fredelig forhold til Eritrea, kan det hende det er best å smøre seg med tålmod, og la ein fredspris til Abiy Ahmed vente, konkluderer dei.

Svenske Greta Thunberg (16) har engasjert ungdommar verda over til å streika for klimaet. Foto: Anders Hallberg

Førehandsfavoritten Greta Thunberg

Klimaaktivist og frontkvinne for rørsla Fridays for future, Greta Thunberg (16) var på førehand ein storfavoritt til å vinna prisen.

Til CNN fortalde ein britisk bookmaker at 96 prosent av dei som vedda på kven som vann sette pengane sine på Thunberg.

Hedwig Thiery Aresvik i Natur og Ungdom er blant dei som håpa på ein slik pris.

– Det hadde vist protesterande gubbar at ungdommen er sterke og kjempar for mykje bra, sa ho til NRK i forkant av tildelinga.

Ho er klimasøksmålsambassadør i organisasjonen, som tidlegare i år mottok Fritt Ords Pris saman med Greta Thunberg. Då donerte den svenske aktivisten sin del av prispengane til klimasøksmålet.

Om Thunberg hadde fått fredsprisen ville ho teke over etter Malala Yousafzai som tidenes yngste mottakar av Nobels fredspris. Pakistanske Yousafzai var 17 år då ho i 2014 fekk prisen saman med indiske Kailash Satyarthi.

Sist gong ein klimaaktivist vann prisen var i 2007 då tidlegare visepresident i USA, Al Gore, og FNs klimapanel fekk Nobels fredspris.

Fleire håpte på ein ny klimapris i 2019. Sist gong ein klimaaktivist vann Nobels fredspris var i 2007.
Tidlegare visepresident i USA, Al Gore, fekk prisen saman med FNs klimapanel. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Tre unge aktivistar

Prio-direktør Henrik Urdal hadde tre andre unge aktivistar på topp på si kortliste.

Han trakk fram tre unge aktivistar: Libyske Hajer Sharief (26), somalisk-canadiske Ilwad Elman (29) og Nathan Law Kwun-chung (26), som har markert seg som gjennom studentdemonstrasjonane i Hong Kong.

I 2011 opplevde Hajer Sharief borgarkrigen i Libya og starta organisasjonen Together we build it. Jusstudenten samarbeidar med FN og Kofi Annan. I 2017 gjesta ho Noreg då ho mottok Studentenes fredspris.

Ein annan storfavoritt var presseorganisasjonane Reporters Without Border (RSF) og Committee to Protect Journalists (CPJ).

Ingen tradisjonell nobelkonsert

I fjor vart den tradisjonelle fredspriskonserten avlyst, då Rema 1000 trakk seg som sponsor. I staden vart det arrangert ein tv-sendt Nobels fredsfest ved Rådhuset i Oslo.

Direktør ved Nobelinstituttet Olav Njølstad seier til bladet Kampanje at det i år vil verta eit heilt nytt konsept i samarbeid med NRK.