Kan vinna pris for 22/7-blogg

Maria Tryti Vennerød er nominert til Noregs viktigaste teaterpris for iscenesetjinga av bloggen "Ikkje direkte råka".

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under rettssaken mot Anders Behring Breivik skriv dramatikaren Maria Tryti Vennerød litterært om kva landet vårt står oppe i, i bloggen Ikkje direkte råka.

– Eg er ein av alle dei som ikkje er direkte råka, men som likevel prøver å forhalda meg til det som skjer. Med utgangspunkt i det som kjem opp av konfliktar, spørsmål, kaos og forvirring under rettsaka, vil eg skriva personleg, skriv Maria Tryti Vennerød på bloggen sin.

Kvar torsdag klokka 16 isceneset og framfører regissørar og skodespelarar frå Dramatikkens hus tekstane i bokhandelen til Cappelen Damm Halvbroren.

Den første lesinga var 26. april, og den siste kjem til å finna stad 22. juni. Blant regissørane er Tom Remlov, Ole Johan Skjelbred, Kai Johnsen og frigruppa De utvalgte.

Maria Tryti Vennerød har sjølv lese tekstane sine, men dei vil også bli lese av skodespelarar som Gjertrud Jynge og Kirsti Stubø.

Og no er altså prosjektet lønna med nominasjon til Heddaprisen for særleg kunstnarleg innsats.

LES OGSÅ: Mot heimesiger for Det Norske Teatret

Sjå ei av dei iscenesette opplesingane under: