Eksamen avlyst – jubel blant elevane

Skuleelevar over heile landet jubla då dei fekk vite at eksamen torsdag var avlyst på grunn av streiken i offentleg sektor.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar for avlyst eksamen

Totalt 575 kommunalt tilsette i Sandnes er tekne ut i streik, og ei rad skular og barnehagar heldt torsdag stengt.

– Vi skulle hatt nynorskeksamen og slapp det. Jippi!

Gleda er ikkje til å ta feil av hjå tiandeklassingane Martine Moland, Stine Tønnessen og Ingvild Karlsen ved Giske ungdomsskole i Sandnes, som Aftenbladet har møtt.

– No reiser vi til Ølberg-stranda, seier jentene.

Også ved Åretta ungdomsskule i Lillehammer kunne elevane nyte sola i staden for å tenkje på eksamen, melder NRK.

– Elevane som skulle hatt eksamen i sidemål, var ikkje veldig lei seg, seier rektor Trine Skjellerudsveen.

– Det kjennest veldig bra, eg er ingen stor fan av nynorsk, innrømmer avgangseleven Henrik.

Verken Utdanningsdirektoratet eller Kommunesektorens organisasjon (KS) har oversikt over kor mange eksamenar som er avlyst på landsbasis.

– Ved skular som er berørt av streiken avgjer kommunen for grunnskole og fylkeskommunen for vidaregåande opplæring om og på kva måte undervisning og eksamen kan gjennomførast, opplyser Utdanningsdirektoratet på nettsida si.
I tillegg til elevar på ungdomsskoletrinnet og vidaregåande, blir også studentar ramma av streiken. Ved Høgskulen i Bergen (HiB) er alle eksamenar avlyst, skriv BA. (NPK)