«Brødrene Løvehjerte» skal filmast på nytt
Den svenske filmregissøren Tomas Alfredson har planar om å nyfilmatisere Astrid Lindgren-klassikaren «Brødrene Løvehjerte».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skal filmast på nytt
Alfredson har sikra seg filmrettane til fantasyromanen, som kom ut i 1973 og vart filmatisert av Olle Hellbom fire år etter, skriv avisa Dagens Nyheter.
Avisa skriv at filmproduksjonen venteleg blir stor etter svensk målestokk. Budsjettet kan komme på rundt 175 millionar kroner, som var prisen på Alfredsons ferske britiske storfilm «Muldvarpen».
Produsent for Lindgren-prosjektet er Peter «Pjodor» Gustavsson.
Tomas Alfredson er sonen til komikaren, forfattaren, revyskodespelaren og filmregissøren Hans Alfredson og har alt mange filmproduksjonar bak seg. Blant dei siste er fantasyfilmen «La den rette komme inn» (2008) og «Muldvarpen» (2011) med Gary Oldman og Colin Firth i hovudrollene. (©NPK)
Sjå den gamle filmen her:
Gler du deg til filmen?